|
||
Torstein Storaas |
|
|
Høgskolen i Hedmark, avdeling for Skog- og Utmarksfag , Evenstad |
||
|
||
Det var ei lærerik glede å delta på Den 2. internasjonale viltforvaltningskongressen 28. juni til 2. juli 1999 i Göddölõ i Ungarn. 195 foredrag, 80 plakatar, to dagskurs, mange diskusjonsgrupper og viltforvaltningsinteresserte frå heile verda. Inntrykka var overveldande, eg vil her peika på nokre trendar i tenkjinga til dei fremste viltforvaltningsekspertane i verda. Rett vest eller løysingar?Foredragshaldarane plasserte seg på ein skala mellom to yttergrupper: Menneske, menneske og atter menneskeAv dei 195 foredraga omhandla 102 menneske eller konfliktar mellom vilt
og menneske. Amerikanaren Aldo Leopold skreiv alt i 1933 at å forvalta
vilt er lett, men at å forvalta menneske er vanskeleg. Direktøren
for viltforvaltningsinstituttet på Island, Áki Ármann
Jónsson sa det slik: Islendingane flytte til Island fordi dei ikkje
ville ha Harald Hårfagre som konge. Dei vil framleis bestemma sjølve.
Skulle styresmaktene innføra ein god ny regel, laut dei fyrst få
jegerane til å innsjå at regelen var god. Då fylgde
dei regelen og passa på at ogso dei hine gjorde det. Viss dei ikkje
var overtydde om at regelen var god, ville dei gjera alt som før
uansett regel. Foredraga avspegla den store semja om at god natur- og
viltforvaltning bygde på samfunnskunnskap, økonomi og økologi.
Mange av oss med biologibakgrunn frå universiteta kan ha lett for
å vektleggja berre økologisk vitskap utan å nå
fram med forvaltningsbodskapen vår. Det er på høg tid
at forvaltarar vektlegg vår art og korleis politikk og haldningar
vert forma. Rovdyr på frammarsjEin trend tykkjest vera eintydig: våre store norske rovdyr trengjer
fram med stor kraft i dei vestlege industrilanda. Haldningane til folk
flest er at det skal vera plass til litt rovdyr. Det verkar som om at
store tidlegare beiteområde vert liggjande brakk i industrilanda.
Der ser det ut til å vera ein viss plass for rovdyr. Størst
motstand mot rovdyra tykkjest finnast i Noreg og Sveits, dei to landa
der styresmaktene subsidierer småfehaldet mest. Data og GPSEi rekkje nye verktøy er på veg inn i viltforskning og viltforvaltning. GPS-mottakarar på elg og ulv kan ta posisjonen til dyret med meters nøyaktigheit so ofte forskaren ynskjer. Posisjonane vert lagde inn i geografiske informasjonssystem, og datamaskiner kan rekna svar på spørsmåla me kjem på å stilla. Kikkert og gummistøvlar byrja verta gamaldagse hjelpemiddel. Men heldigvis vert programma lettare å bruka samstundes som dei kan rekna ut vanskelegare reknestykke. Kunnskapen om dei einskilde viltartene vil gjera store hopp framover ettersom dei nye teknikkane vert tekne i bruk. Forvaltning av prosessarDet vil vera behov for dei nye teknikkane. Fleire av foredragshaldarane peika på at me må forvalta dei økologiske prosessane. Evolusjonen, endringa av artene over tid, er kanskje den viktigaste prosessen på jorda. Vil tiger eller huldrestry kunna utvikla seg i små reservat eller nøkkelbiotopar? Spørsmåla er so vanskelege at me nok vil ha bruk for biologar og nye teknikkar i lang tid framover. So lyt folk flest bestemma korleis dei vil bruka kunnskapen. NoregEtter kongressen snik tanken seg inn i meg: verda er svært mangslungen. Viltinteresserte i Noreg er overlag heldige. Kven ville trudd for 100 år sidan at elg, hjort, rådyr, villrein, bever og mår skulle vera vanlege viltarter i dag? Kven ville då trudd at fleirtalet på Stortinget ville verna store rovdyr? Om dei framtidige haldningane i folket vil tillata det, vil me i Noreg lenge kunna gleda oss over rik natur, god jakt og fine naturopplevingar. Og me kan gjerne krangla litt om kalveskyting, jaktrettar og ulveforvaltning. Dei store viltforvaltningsproblema vil liggja i utviklingslanda. Vil me at tigrar og krokodillar skal kunna utvikla seg vidare inn i dei nærmaste tusenåra, kan me truleg oppnå det best ved å betala lokalsamfunn som har tigrar og krokodillar for å ta vare på dei artene. Me kan ikkje venta at dei skal ta alle ulemper og utgifter ved det. Framtida er spanande! |