Skriv ut denne siden
Forrige side

Friluftsliv i sentrale jordbruksområde. Er dyrka mark ein alvorleg barriere?

Odd Inge Vistad [e-post: OddInge.Vistad@nina.no] Norsk Institutt for Naturforskning [http://www.ninaniku.no/]
Tor Arnesen [e-post: ta@ostforsk.no] Østlandsforskning [http://www.ostforsk.no/]
Terje Skjeggedal [e-post: ts@ntforsk.no] Nord-Trøndelagsforskning [http://www.ntforsk.no/]

Artikkelen presenterer funn frå eit forskingsprosjekt om friluftsliv i pressområde med mykje dyrka mark. Vi går gjennom hovudtrekk i prosjektet, og skal spesielt sjå på resultat frå ei spørjeundersøking i tre kommunar i Østfold. Her legg vi mest vekt på spørsmålet om folk kjenner seg hindra av dyrka mark når dei vil drive friluftsliv i nærmiljøet.

Friluftsliv – i det fjerne og i det nære

Mange er stolte av norske friluftstradisjonar. Tankane går til Nansen og Amundsen, til fjell og fossestryk med storbukk og sprelsk aure. Andre dveler ved kaffivarmen og ei skogstjørn, ei roleg vandring frå hytte til hytte, eller ein solnedgang i hytteveggen. Dette friluftslivet på fjell og vidde rører for mange ved sjølve forståinga ved det å vere norsk (Witoszek 1998), og vert gjerne kalla ”det klassiske friluftslivet”. ”Klassisk” fordi det har opphav i framveksten av både nasjonen, naturvitskapen, norske kultursymbol, målarkunst og sjølve friluftslivet på 1800 talet, og fordi det enno tykkjest vere eit ideal for fleire enn dei som faktisk driv på med det

Sjølvforståing og ideal er ei sak, kva type friluftsliv ein praktiserer ei anna. Dette erkjenner også institusjonen som framfor nokon ber idealet om det klassiske friluftslivet, Den Norske Turistforening (DNT). I ein leiar i medlemsbladet ”Fjell og Vidde” i 1999 heiter det: ”Ofte oppleves nok DNT’s virksomhet primært å fokuseres mot fjernområder, mot tinder og vidder … områder som for de fleste av oss bare er tilgjengelige i ferier eller utvidede helger. Dette inntrykket er viktig å korrigere av to grunner. For det første fordi det foregår veldig mye nærområdeaktivitet … der medlemmen faktisk bor. For det andre fordi aktivt nærområdearbeide er kjempeviktig og en absolutt forutsetning for friluftslivets forankring og utvikling. Det er i nærområdene en lærer å bli glad i naturen, der … turen gir den mentale og fysiske styrke til å utforske nye muligheter, og der friluftslivet gir den mentale og fysiske styrke til å tåle det moderne sivilisasjonspress” (Dahle 1999). Og statistikken stør opp om DNT si forståing av situasjonen. Den viser at over 90 % av alle nordmenn driv med ulike former for friluftsliv. Og det er ikkje det klassiske fjellfriluftslivet som slår sterkast ut, sjølv om også denne forma for friluftsliv har hatt framgang sidan 70-talet. Det er heller ikkje moderne aktivitetar med terrengsykkel, slalåmski eller snøbrett – sjølv om også desse no er i kraftig framgang saman med vekst i teknisk tilrettelegging med skitrekk og stisystem (Vorkinn 2001). Nei, den viktigaste posten i statistikken er dei små turane til fots eller på ski i heimemiljøet. Og sjølv om også dette ”småskorne” friluftslivet har endra seg dei siste par tiåra, t.d. ved at kvardags-skigåing for dei minste ofte må vike plassen for ein tur i alpinbakken (Mjaavatn 1999), så peikar dette turfriluftslivet seg ut som viktig for folk. Viktig, ikkje berre fordi mange gjer det og at det difor er viktig for folkehelsa, men også fordi undersøkingar viser at grunnlaget for friluftsliv i vaksen alder vert forma i barndommen (Søndergaard Jensen 1995, Teigland 2000). Og det er særleg familie og venner som tyder mykje for formingsprosessen, meir enn profesjonelle institusjonar som barnehagar og skular (Pedersen 2001). Turar i nærområdet med venner og familie er sannsynlegvis svært viktige for rekrutteringa til friluftslivet. Så Dahle (1999) har truleg rett i at der er ein samanheng mellom det småskorne kvardags-friluftslivet og vårt klassiske ideal om ”å kome seg på fjellet”.

Når ein då ser dette i høve til det nasjonale strategiske målet om at ”Alle skal ha mulighet til å drive friluftsliv …” (St. meld. nr. 24 (00-01)), så bør vel mykje av den offentlege innsatsen kome i nettopp dei områda der folk bur. Verdien av såkalla ”grønt nærmiljø” er då også framheva i den nye friluftslivsmeldinga (St. meld. nr. 39 (00-01)). Korleis dette vil slå ut i praktisk politikk står att å sjå.

Stadig fleire bur og buset seg i sentrale strøk og pressområde, altså i dei store byane med omland. Svært ofte, og som ei følgje av norsk by- og tettstadshistorie, er dette også dei områda som har best og mest matjord og jordbruksaktivitet. Typiske eksempel er områda rundt Oslofjorden, Stavanger/Jæren og delar av omlandet til Trondheimsfjorden. Resultatet blir ei opphoping av tunge bruks- og utbyggingsinteresser på små areal som også ”vesle friluftslivet” må konkurrere med. Dette har til no prega den prosessen ein kallar ”urbaniseringa”. Men korleis påverkar denne prosessen ”det vesle friluftslivet”? Ein kan med DNT einast om at ”det er … viktig å ta vare på områdene der folk bor, slik at mulighetene for aktivt friluftsliv kan beskyttes og videreutvikles” (Dahle 1999). Ein kan og som Dahle (1999) lett falle for tanken at problema er størst i dei tettast folka og tyngst urbaniserte områda, og at ”ingen steder er arealpresset større og alternative bruksideer mer påtrengende. Ingen steder er truslene mer synlige og de politiske avveiingene viktigere eller mer skjebnetunge”. Men samanhengen mellom urbanisering og vanskar for ”det vesle friluftslivet” er kanskje meir tenkt enn godtgjort gjennom forsking. Vårt arbeid viser at samanhengen ikkje alltid er så like fram. Somme hevdar at lovverket og heile forvaltningssystemet vårt ikkje er godt nok til å trygge friluftsomsyn i utviklinga, at ”forvaltninga er oppsplittet og forvaltningsverktøyet mangelfullt”, at det er ”behov for et bedre lovverk for de by- og tettstedsnære naturområder” (Dahle 1999). Dette kan vere tilfelle, men det må i så fall vise seg som ein konklusjon i ein analyse. Som vi vil vise kan denne analysen ha overraskingar på lur. Den eine er at problemet for friluftslivet kan vere større i landkommunar enn i bykommunar. Den andre er at folks forhold til eige nærområde ser ut til å vere meir fokusert på meistring av det landskapet ein faktisk har, enn på å vurdere om det er godt eller dårleg, eller om det har endra seg over åra. Eit forvaltningssystem vil alltid vere ei komplisert sak, og det er svært viktig å drøfte endringar først når ein veit meir konkret kva problem som skal løysast.

Landbruk under press

Norsk landbruk har stått støtt i folks omdøme. Det er lenge sidan landbruket vog tyngst på skålvekta for sysselsetjing og bidrag til nasjonalproduktet. Den svekte økonomiske posisjonen har ikkje slått direkte ut i svekt posisjon i styr og stell, eller i mental posisjon i folket. Same kva ein arbeider med så har nok enno mange kjensla av at ”inst inne er eg bonde!” – sjølv om det er både to og tre generasjonar sidan familien dreiv gard. Men tendensen er likevel klar: Landbruksnæringa må kjempe for å halde posisjonen og opinionen – dette viser t.d. den nyleg gjennomførte valkampen og ein rapport frå Landbrukets Utredningskontor (Eldby 2001) der 76 % av eit breitt utval av listekandidatane seier dei vil oppretthalde eit jordbruk av minst same omfang som i dag. I 1997 var talet 83 %. Og det er særleg Høgre som har fått fleire kandidatar med sviktande oppslutnad om landbruket.

Om norske bønder (med dagens landbruks- og matvarepolitikk) skal ha akseptable arbeids- og livsvilkår så er behovet for statleg stønad stort. I eit oppslag i avisa Nationen 17. september i år viser ein til tal frå Statistisk Sentralbyrå: 96 % av løn og kapitalavkasting i landbruket er næringsstønad (direkte subsidiar, overføringar over statsbudsjettet, skatte- og avgiftsfordelar osb). I ein kommentar (i same artikkelen) seier Norges Bondelag at dette berre er eit reknestykke (som sikkert stemmer), men verdien for folk flest av eit levande norsk landbruk er langt meir omfattande enn det som kan fangast opp i ein slik rekneskap. Og sjølvsagt produserer landbruket meir for folket enn kaloriar og trefiber.

Så, kva er det folk bit seg merke i? Kva for haldningar har folk til landbrukets produksjonslandskap kring byar og tettstader. Oppfattar dei det som velskjøtta og verdifulle kulturlandskap, og ser dei på landbruket som ein samarbeidspart og tilretteleggjar for andre samfunnsgrupper? Dersom ”vesle friluftslivet” er så viktig for folk som statistikken viser, kan så forholdet til friluftsliv og turgåing gje eit grunnlag for (ein for landbruket) nyttig ”allianse”? Dersom landbrukets produksjonslandskap også kan vere tumleplass for friluftsliv, kan truleg landbruket sikre seg mange støttespelarar for ”vern” av slike område og slik sett av landbruket. Sjølv om vi har fri ferdselsrett i utmarka så er norske bønder og grunneigarar viktige samarbeidspartar for friluftsinteressene.

Forskingsprosjekt

Korleis står det så til med friluftslivet i landbruksdominerte pressområda? Er det ein god sameksistens mellom landbruk og friluftsliv? Er det natur- og skogsområde nok til å dekkje behovet for turar og uteaktivitetar? Eller føretrekkjer folk kanskje andre miljø og landskap for småturane sine, som t.d. vegane i villastrøket dei bur i, eller jordbrukets kulturlandskap? Den frie ferdselsretten er knytt til utmark, og gjev difor ikkje tilgang til jorde og beitemark, bortsett frå om vinteren. Jordbrukslandskapet krev vegar og ferdselsråk for å fungere som friluftsareal. Er dyrka mark eit reelt ferdselshinder eller har landbruk og arealplanleggjarar klart å fange opp behovet for turområde og ferdselsråk? Kva gjer offentlege aktørar som til dømes kommunen for å sikre friluftslivet i nærområda, og spelar slik tilrettelegging noka rolle for folk?

Dette var ein del av spørsmåla vi stilte i ein prosjektsøknad til Noregs Forskingsråd (Utmarksprogrammet). Prosjektet vart innvilga, og vi har kalla det KLAFF (Kulturlandskapet, Landbruket, Friluftslivet og Forvaltninga). Dette er eit utviklingsorientert prosjekt som rettar seg mot sambruk mellom landbruk og friluftsliv i kulturlandskapet kring byar og tettstader. Prosjektet blir gjennomført som eit samarbeid mellom Norsk Institutt for Naturforskning (NINA)- Avd. for naturbruk, Østlandsforskning (ØF) og Nord-Trøndelagsforskning (NTF)

Vi har som sagt lagt eit særleg fokus på åker og eng. I kor stor grad er dette eit hinder for utøving av friluftsliv for dei som bur i og inntil slike område? I kor stor grad er dette arena i seg sjølv for friluftslivet? Og kva er det som gjer at det er eit hinder eller ein moglegheit? For å kunna studere temaet empirisk har vi valt delar av Østfold som studieområde, nemleg kommunane Rygge, Fredrikstad og Rakkestad. Det er fleire grunnar til dette valet. Alle tre er viktige jordbrukskommunar. I Østfold er 20% av arealet jordbrukslandskap og jordbruksdrifta pregar også våre utvalskommunar. Men graden av urbanisering varierer, og det gjer også måten byggefelt og dyrka mark er lokalisert og arrondert. Dessutan var NIJOS i gang med overvakingsprosjektet 3Q (sjå artikkelen til Framstad m.fl.) i Oslofjordområdet.

Vi må gå konkret inn på tilstanden i studieområdet, men ambisjonen er å få fram data som kan ha breiare interesse: Korleis planleggje vidare samfunnsutbygging og forvaltning av jordbruksarealet – særleg i pressområde – utan å miste friluftsinteressene av syne?

Om kommunane og undersøkinga

Vi har intervjua og hatt møte med representantar for kommunale plankontor, landbruksinteressene og friluftsorganisasjonar. Dessutan har vi gjennomført ei omfattande spørjeundersøking i delar av dei tre kommunane; ei undersøking som er lagt opp for nå innbyggjarar som tykkjest vere spesielt ramma av slike landbrukshinder. Vi har difor sirkla inn delområde i dei tre kommunane gjennom synfaringar, kartstudiar, og samtaler med dei nemnde etatar. For å gjere sjølve utvalet har vi nytta kombinasjonar av postnummer, samt veg- og gatenamn for å nå dei delområda vi var interesserte i.

Dei tre kommunane representerer som sagt ulike bustad-, landbruks- og utmarksmønster. Skjematisk ser det ut som dette:

Undersøkinga vart gjennomført hausten 2000, og det vart sendt skjema til 1600 tilfeldige personar frå 18 år og oppover. Vi nytta ikkje førehandsrekruttering, og fekk difor ein god del retur (ny eller ukjent adresse) og meldingar om sjukdom, dødsfall, alderdom mm. som gjorde at dei ikkje kunne svare. Svarprosenten vart i underkant av 50.

Turgåing og nærmiljø

Berre 4 % seier at dei ikkje er interesserte i gå tur i nærmiljøet. 73 % er ganske eller svært interesserte. I gjennomsnitt gjekk dei tur i nærmiljøet 12 dagar pr. månad sist sommar – noko meir i Rygge (13 dagar) og noko mindre i Rakkestad (11 dagar). Heile 69 % seier at dei kjem raskt fram til fots til turområdet sitt, og det er særleg mange innbyggarar i Rygge meiner dei har rask tilgang (77 %) og i den andre ”enden” Rakkestad der berre vel halvparten (57 %) har rask tilgang til turområdet.

Det er også i Rygge ein bur gjennomsnittleg nærast eit natur- eller skogsområde (7 minutt til fots). I både Fredrikstad og Rakkestad er middelavstanden nær dobbelt så lang (13 minutt), men Rakkestad har ein langt større variasjon i avstanden frå heimen til skogsområdet enn dei to andre. Det varierer i kor stor grad ein nyttar (=kan nytte?) denne næraste skogen til turgåing. I Rygge er det over halvparten som brukar han ”mye”, i Rakkestad ein firedel, og i Fredrikstad litt over ein tredel. Det er langt fleire som brukar (”mye”) gater og vegar i området der dei bur til turgåing (godt over halvparten). Og det er ingen påviseleg skilnad kommunane imellom når det gjeld kor mykje ein brukar sjølve bustadmiljøet til turgåing.

Avstanden til dyrka mark er (i gjennomsnitt) mindre enn avstanden til skogsområde. Tala er slik: Rygge 6 minutt, Rakkestad 3 minutt og Fredrikstad 7 minutt. Her varierer det mest i Fredrikstad og minst i Rakkestad. Fire av fem seier at der er vegar eller stiar i dette jordbrukslandskapet som gjer at ein kan gå eller sykle. Det er særleg i Rygge ein konstaterer at slike vegar finst (85 %) og i minst grad i Rakkestad (70 %). Det er også i Rygge at ein i størst grad brukar dette kulturlandskapet ”mye” til turar (nær halvparten). Tilsvarande tal er ein knapp tredel i Rakkestad og Fredrikstad. I desse to kommunane svarar også ein av fire at dei rett og slett ikkje brukar dette kulturlandskapet til friluftsliv om sommaren. Tala for vintersesongen er endå høgare (ein av tre).

Vi stilte eit generelt spørsmål om det er viktig med gode høve for turgåing og utandørs fritidsaktivitetar i nærmiljøet? Dei aller fleste meiner det er det, men det er likevel (signifikant) viktigare i Rygge og enn i Rakkestad. Fredrikstad ligg midt i mellom. På oppfølgingsspørsmålet om det faktisk er gode høve for slike turar, så er det langt klarare forskjellar kommunane i mellom. Det er igjen Rakkestad som skil seg ”negativt” ut. Alle tre kommunane ligg rett nok i den positive enden av skalaen, men Rakkestad ligg ned mot ”middels”, dei to andre er opp mot ”gode”.

Turgåing og hinder

Om vi summerer resultata så langt så får vi eit bilete av folks høve til å drive friluftsliv i nærmiljøet. Det viser – i vår tolking – at folk i hovudsak ”meistrar” landskapet dei bur i, utan at det byr på store hindringar for friluftslivet. Denne konklusjonen ser ut til å halde i alle dei tre områda, uavhengig av grad av tilrettelegging og type landskap. Ein meistrar landskapet såpass at det vesle friluftslivet kan gjennomførast. Det viser truleg kor fleksibelt og ”organisk” dette friluftslivet er, og at det ikkje nødvendigvis er avhengig av tiltak og tilrettelegging. Men det er sjølvsagt avhengig av eit landskap (ein ”arena” som er meir eller mindre triveleg) og det er avhengig av tilgang (som er meir eller mindre god). Og alt kan ikkje meistrast like godt; vi ser t.d. at det er skilnader mellom dei tre kommunane. Underleg nok så er det i landkommunen Rakkestad at flest er mest misnøgde med forholda: Her er det størst avstand til eit skogsområde, og færrast som brukar ”nærskogen” til uteaktivitet. Rakkestad har minst avstand til dyrka mark, men likevel brukar ein i mindre grad også dette kulturlandskapet til turgåing, samanlikna med dei to andre kommunane. Det er også i Rakkestad ein er generelt minst nøgd med høva for å drive utandørs fritidsaktivitetar i nærmiljøet.

Korleis ser så biletet ut om vi nyttar ei litt anna tilnærming til temaet? Kjenner folk seg hindra eller hemma i høve til sitt eige friluftsliv?

Når ein skal studere hinder i friluftslivet så blir det for enkelt å berre spørje folk om det hinderet, eller dei hindra ein er spesielt interessert i – her: jordbruksaktivitet og dyrka mark. Då er faren stor for å få ei overrapportering av nettopp ”jordbrukshinder”. Vi ramsa difor opp ei lang rekkje med forhold (gjennom 24 påstandar) som kan avgrense eigen bruk av nærmiljøet til turgåing o.l. Desse påstandane omfatta tema som personlege interesser, frykt, kjennskap til nærmiljøet, livssituasjon, helse, fysiske tilstandar i nærmiljøet mm. Kvar og ein skulle rapportere i kor stor grad (på ein skala frå 1 til 7) kvart utsegn passa med deira eigen situasjon. Di høgare talverdi, di sterkar kjensle av å vere hindra. Det er ingen av desse hinderspørsmåla som syner (i gjennomsnitt) høge verdiar. Den einaste hindervariabelen som får eit snitt på over 3 var ”.. jeg har ikke tid” (verdi 3,0).

For å leite etter eventuelle overordna mønster blant dei 24 hinderspørsmåla, nytta vi ein såkalla faktoranalyse. Den sorterte ut fem faktorar (eller fem sett av samvariasjonar). Ved å studere kva for delspørsmål som samvarierte innan kvar faktor kunne vi prøve å gje namn til desse overordna faktorane, etter kva type hinder dei omfatta. Vår samanfatning er som følgjer:

  1. Fysiske hinder for å nå fram til turområdet
  2. Dårleg (opplevd) kvalitet på turområdet, eller ein er lite kjent i området
  3. Kjenne seg utrygg
  4. Ikkje ha lyst
  5. Tidsklemma

Det er særleg dei to første faktorane som er i vår interesse. Den sentrale konklusjonen er, som alt understreka, at fleirtalet ikkje meiner seg vesentleg hindra av nokon av desse faktorane i nokon av kommunane. Men nokon kjenner seg hindra, og blant desse er det variasjon mellom kommunane for faktorane 1, 2 og 4. Og når det gjeld desse to første faktorane så stadfester dei funna ovanfor. Det er først og fremst Rakkestad, landkommunen i utvalet, som skil seg ut ved at ein opplever barrierar a la faktor 1 og 2.

Tilrettelegging for friluftsliv i nærmiljøet.
Kven er ”dei gode hjelparane”?

Gode høve for friluftsliv i nærmiljøet gjer seg ikkje alltid sjølv. Kor god jobb gjer ulike etatar og aktørar – i folks oppfatning – for å sikre eller betre høva for turgåing mm i nærmiljøet? Vi har spurt om synspunkt på veg-, landbruks- og miljøvernstyresmakter, samt på kommunepolitikarar, skog- og grunneigarar, gardbrukarar i nærmiljøet, og til slutt lokale lag og foreiningar. På ein skala frå 1 (svært god jobb) til 5 (svært dårleg jobb), så hamna omlag alle svar nær 3 (korkje god eller dårleg jobb). Det er berre ei gruppe som skil seg meir positivt ut, nemleg lokale lag og foreiningar (snitt 2,3).
Gjennom fem påstandar om jordbrukets rolle i høve til å ”lage et trivelig nærmiljø” / ”bidra til konflikt med andre arealinteresser” / ”opprettholde verdifulle landskap” / ”legge godt til rette for turgåing” / ”være en av de største hindringer for turgåing” – altså delvis med positive, delvis negative vinklingar – ønskte vi å kome nærare inn på oppfatningar om jordbruket utover det å vere matprodusent. Alle svar ligg i gjennomsnitt nær ”verken enig eller uenig” (= 4), men alltid litt inn på den delen av skalaen som talar til fordel for jordbruket. Sterkast utslag gjev dette for påstanden ”Jordbruket er en av de største hindringer for turgåing i nærmiljøet” – her er folk klart ueinige (5,4). Men det er berre for påstanden ”Jordbruket har lagt godt til rette for turgåing i nærmiljøet” at det er ein signifikant skilnad mellom dei tre kommunane: Her hallar Rakkestad litt i retning ”uenig”, medan dei to andre er meir ”enig”.

Tilfellet Rakkestad

Fjellstad og Dramstad (1999) har gjort ein analyse av endringar i landskapet i Rakkestad kommune i etterkrigstida. Deira interesse var å studere slike endringar i høve til utviklinga i biodiversitet i jordbrukets produksjons- og kulturlandskap. Som ei følgje av auka mekanisering, mindre arbeidsintensiv drift, færre gardsbruk og større bruk, så har produksjonslandskapet endra seg radikalt. Dette har mellom anna ført til færre vegar, stiar og trakk (såkalla lineære element). Medan slike ferdselsliner i 1953 dekte 2,1 % av arealet i Rakkestad, dekte dei berre 1,0 % i 1992, altså meir enn ei halvering av element som styrer tilgangen til og bruken av landskapet. Det er ei vesentleg forverring av situasjonen over fire tiår. Dette endringsmønsteret ville ein truleg finne – meir eller mindre – i dei fleste jordbrukskommunar. Men Rakkestad sentrum har som sagt karakter av å vere ”øy i eit hav av dyrka mark”, og denne karakteren har i aukande grad manifestert seg. Difor blir truleg også konsekvensane for turfolket særleg store i Rakkestad.

På denne bakgrunnen er det kanskje underleg at meiningar om landskap og hindringar i Rakkestad ikkje skil seg klarare frå dei i Rygge. Rygge har ein ganske god tilgang til landskapet og kanskje er den også betre no enn tidlegare, t.d. gjennom arbeidet med den såkalla Blomstervegen. Dette er ei merkt turløype på over fem mil som går gjennom store delar av kommunene, langs veg og sti og råk. Vi har rett nok påvist signifikante skilnader mellom dei to studieområda, men alle er like fullt meir eller mindre nøgde med situasjonen. Korleis kan vi forklare at folk er gjennomgåande nøgde med nær-friluftsområdet sitt, så å seie uavhengig av korleis det er og korleis det har utvikla seg? Og kan ein slutte frå dette at det er unødvendig med tilrettelegging? At folk finn seg i alt?

Det er ein sentral skilnad mellom studiar av ”det vesle friluftslivet” i nærområde og studiar av friluftsliv i fjernområde: Nærområde har du berre eitt av; du er så og seie utlevert til det området du har. Men det finst mange fjernområde, og du kan velje kvalitet i høve til dine eigne preferansar. Sidan du har berre eitt nærområde så vert du truleg meir orientert mot å meistre det, enn mot å vurdere det som eigna eller ueigna i høve til dine formål. Meistring og tilpassing vert meir sentralt enn samanlikning og val. Det å akseptere og ta som utgangspunkt at det er ok der ein er, er typiske resultat frå forsking om bupreferanser og levekår. Nærmiljøforsking av den type vi her gjennomfører vil, i motsetnad til tradisjonell friluftsforsking, dreiar seg om dagleglivet og heimesfæren, og resultatet må tolkast på den bakgrunn (Agderforskning 1998, Walmsley & Lewis 1993, Engesæter under utarb.)

Men ein kan ikkje slutte av det at tilrettelegging for friluftslivet er unødvendig. For det første er det mange forhold vi ikkje har sett på, som tryggleik, helse og miljø i nærmiljøet. Vidare kan vi ikkje på bakgrunn av eigne data seie noko om folk meiner det er betre andre stader. Vi veit berre noko om korleis folk meiner å meistre det landskapet dei bur i, og om dei der ”møter” hindringar for å drive friluftsliv.

Eit anna spørsmål er korleis folk kan akseptere ei forverring av tilgangen til landskapet, slik vi har sett i Rakkestad, utan at dette møter større protestar. Etter vår oppfatning viser dette eit grunnleggjande problem ved forvaltning av landskapet i vårt forvaltningsapparat og med våre politiske institusjonar: Problemet med tida og med ei sakte og gradvis forverring av tilhøva. Vi har ofte sett at brå og markante endringar av landskapet utløyser debatt og konflikt, til dømes ved vasskraftsaker, vegsaker og liknande. Det politiske apparatet og difor forvaltningssystemet, avheng i siste instans av at ulike syn kjem til uttrykk gjennom politiske prosessar og offentleg debatt. Landskapsendringar av den typen vi ser her, skjer over lang tid og med ei rekkje små inngrep. Sjølv om dei rører ved viktige sider i livet, så kjem ikkje endringane på den politiske dagsorden, og i alle fall ikkje før endringane har kome svært langt.

Kva lærer vi av dette?

Her har vi studert tre (nesten) nabokommunar. Men det er likevel tre kommunar som er nokså ulike.

Resultata tyder på at ein ikkje må einsidig fokusere på dei mest urbane områda når det gjeld temaet ”dyrka mark som barriere for friluftslivet”. Rakkestad er den mest rurale kommunen av dei tre. Det er dessutan ein svært viktig jordbrukskommune, og med eit spesielt ”øyprega” busetjingsmønster. Det er ikkje spesielt overraskande at dette gjev store utfordringar for planleggjarane. Men det kan også tenkjast at overordna mønster som: Stor kommune med mykje skog og utmark og relativt få innbyggjarar, tek merksemda vekk frå tema som tradisjonelt er meir knytt til urbane pressområde.

Det er relativt låg svarprosent på denne undersøkinga. Men låg svarprosent er meir eit mønster enn eit avvik blant dagens postale spørjeundersøkingar (t.d. Strumse i trykk, Hörnsten 2000). Poenget her er dette: Sannsynlegvis har vi klart å nå fram til dei som er mest interesserte i friluftsliv eller annan bruk av nærmiljøet. Dei første spørsmåla i skjemaet gjekk direkte på dette temaet og heile spørjeskjemaet hadde fått tittelen ”Uteaktiviteter i nærmiljøet i jordbruks- og byområder i Østfold”.

Ein kan truleg også avleie at ein del av dei som er lite motiverte for friluftsliv, kjenner seg meir ”totalt hindra”. Sannsynlegvis ligg hinder, eller barrierar, i eit hierarkisk system der ”ulyst” og ”utryggleik” ligg langt oppe. ”Tidsklemma” kjem først inn når dei to første er overvunne. Og så ”til slutt” kjem kanskje det vi undersøkjer her: Kvaliteten på sjølve turlandskapet og kor gode høva er for å bruke dei. Vi treng altså dei som er motiverte for friluftsliv for å studere dyrka mark som barriere, og dei har vi truleg fått i tale.

Men det er også sannsynleg at dei frilufts-motiverte er særleg innstilt på å meistre situasjonen – uansett korleis landskapet faktisk ser ut. ”Det vesle friluftslivet” er svært organisk og fleksibelt; ein går tur der det passar ein best. Det har både med landskap, tid, turselskap, formål og mange andre ting å gjere. Men det blir sjølvsagt feil å trekkje den slutninga at landskapskvalitet og tilrettelegging er uinteressante. Vi spurde t.d. korleis ein trivest i ulike typar (tur-)landskap. Blant dei ni typane landskap / turområde vi ”la fram” er det berre ei som får (svak) negativ skåring og det er ”Tettbygd strøk med gatepreg og bebyggelse”, resten blir rangert positivt. Særleg omtykt er ”Strandsoner med knauser og svaberg”, men ”Åpen blandingsskog med løvtrær og bartrær” kjem omlag like høgt. Ein skal merke seg at ”Jordbrukslandskap med åkrer, jorder og gårder” også får ei klart positiv skåring, og den er nær på identisk med skåringa for ”Snaufjellet”, ”Glissen fjellskog” og ”Gammel barskog” – altså tre meir klassiske friluftslandskap.

I våre utvalde delområde av både Fredrikstad og Rygge finst det i dag to store tilretteleggingstiltak for ferdsel, nemleg Glommastien i Fredrikstad og Blomstervegen i Rygge. Båe desse er fleire mil lange bil- og/eller turvegar. På spørsmål om kor viktig denne stien/vegen er, så svarar omlag 60 % i kvar av dei to kommunane at den er viktig. Og dette er langt fleire enn dei som seier at dei faktisk brukar desse tilretteleggingane ”ganske mye / svært mye” til fotturar eller til sykling (15-30 %). Det kan sjølvsagt vere mange grunnar til at ”bruken er mindre enn velviljen”, ikkje minst at mange bur langt frå vegen / stien. Dette liknar også funn som seier at langt fleire verdset kulturtilbodet i byar (teater, opera, galleri mm) enn det besøkstala skulle tilseie. Generelt sett finn vi ei overvekt av positive haldningar til denne typen tilrettelegging, men at haldningane ikkje direkte kan knytast til eiga åtferd.

Det er dessutan eit viktig poeng at slike ”store tiltak” sprenger ramma for det som kan fungere som nærmiljøtiltak for dei mange. Fleire og mindre tiltak nær buområda kan vere like viktige for nærfriluftslivet. Eller sagt på ein annan måte: Det trengst trivelege ”småturmiljø” der folk bur, fordi folk går tur der dei bur! Vi har vist at dette kan oppfyllast i mange slag landskap, men det krev god planlegging av nye buområde, og det krev god vilje og godt samarbeid mellom etatar og aktørar når trygg og attraktiv tilgang til landskapet skal opparbeidast i ettertid.

Referansar