Naturvern og næringsutvikling.
Presentasjon av Naturbruksprosjektet vern, bruk og næring med særleg vekt på Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane

Tom Dybwad
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er eit fylke der naturen spelar stor rolle for næringsutviklinga. I eit fylke med storslått natur og andre verdfulle naturressursar er det naturleg at det vert plassert nasjonalparkar og andre verneområde, og at prosessane omkring verneområda fører til konflikt mellom ulike interesser.

Næringsutviklinga rundt dei verna områda vert påverka av vernet. Ved etablering av verneområde får vi ein overordna diskusjon om ressursutnyttinga. Når vernegrenser og verneforskrifter er fastlagde, får vi ein diskusjon om næringsutvikling i samsvar med dei rammer vernet set. I denne diskusjonen er det viktig å setje fokus på randsonene rundt verneområda og bygdene i dei mest sentrale innfallsportane til dei aktuelle verneområda.

I dei siste åra har det vore ein ny giv i lokale næringsinitiativ med natur og kultur som attraksjon. Nasjonalparkane og andre verneområde har mykje av den mest storslåtte naturen i landet. Også det offentlege har sett dette, og Stortinget har i (St.meld. nr. 62 (1991-1992) ”Ny landsplan for nasjonalparkar og andre større verneområde” opna for (sitat):

  • Å bruke et utvalg av nasjonalparkene i markedsføringen av reiselivstilbudet generelt i Norge
  • Tilrettelegging for flere og mer langvarige besøk i og nær et utvalg av nasjonalparkene
  • Tilrettelegging for rikere opplevelser ved nasjonalparkbesøk i et utvalg av nasjonalparkene

Dette byr på nye utfordringar for forvaltinga. Trass i store utfordringar har det skjedd lite på dette området etter at Stortinget handsama Stortingsmeldinga frå 1993.

Hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har vi lenge vore opptekne av problemstillingane kring vern og næringsverksemd, særleg i samband med forvaltinga av nasjonalparkane Jostedalsbreen og Jotunheimen, og seinare i samband med arbeidet med å opprette landskapsvernområde i Nærøyfjorden og i Naustdal/Gjengedal. Vi ønskte å sjå på om det går an å følgje opp verneformålet og vernereglane for nasjonalparkane og samstundes bruke nasjonalparkane som basis for næringsutvikling i tilgrensande område, utan at desse ulike interessene kjem i konflikt med kvarandre. Dette er bakgrunnen for Fylkesmannen starta Naturbrukprosjektet for å systematisere kunnskap og strategiar. Prosjektperioden for første fase, som eg skal presentere her i dag var 1. halvår 2000. Ei vidareføring av prosjektet, over inntil 3 år, startar opp første halvår i år.


Naturbruksprosjektet, 1. fase:

Naturbrukprosjektet la i første fase hovudvekta på:

  1. å kartlegge økonomiske ringverknader av naturverdiane, primært knytt til område som er underlagt formelt vern etter lov om naturvern
  2. å synleggjere potensialet for ny næringsutvikling i randsoner til verneområde

Naturbrukprosjektet la i den første fasen m.a.o. vekt på å kartlegge dagens næringssituasjon i randsoner mot verneområde i eit utval av bygder, og å kartlegge potensialet for naturbasert næringsutvikling i dei same bygdene. Vi valde ei lokal innretting på arbeidet, då det er i dei lokale bygdene at ressursar som natur og folk er tilstades.

I rapporten er det samla aktuelt stoff frå i alt 7 lokale bygder ved innfallsportane til viktige naturområde og stoff frå konferansar og aktuell litteratur. Det er såleis ingen forskingsrapport, men ei praktisk utgreiing i første fase i eit prosjekt, der fylkesmannen tok utgangspunkt i eigne erfaringar og problemstillingar, og bygde vidare på lokalfolk sine kunnskapar og idear. Dette er gjort gjennom 2 møte:

  1. møte med kommunen sine landbruks- og næringsfagpersonar
  2. møte med bygdelag og utvalde ressurspersonar

I dette foredraget skal eg først og fremst presentere dei 2 bygdene Jostedalen og Stardalen, innunder Jostedalsbreen nasjonalpark. Nøkkeltal frå dei andre bygdene i prosjektet må ein gå inn i rapporten for å finne (likevel vedlagt bak under Oppsummering her i publikasjonen av foredraget i Utmark 2/2002), og eg vil presentere konklusjonane frå prosjektet. I rapporten frå Naturbruksprosjetet vert gjorde vi også ein gjennomgang av om og korleis naturvernområde generelt og nasjonalparkar spesielt vert marknadsførte av reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane. Eg vil seie noko om vegen fylkesmannen har tenkt å følgje vidare i neste fase av Naturbruksprosjektet, og til slutt er det fristande å seie nokre ord om Jotunheimen, som eg meiner å kjenne godt.

Nemnast må også at Naturbruksprosjektet arrangerte konferansen ”Nasjonalparkar og næring – hand i hand” i Fjærland 4.-5.05.2000, som var nyttig for å belyse problemstillingane. Det er utgjeve ein eigen rapport frå konferansen.


Bruk av nasjonalpark og naturvernområde i marknadsføring i reiselivet

Internett

7 kommunar har areal i Jostedalsbreen nasjonalpark. Av desse fann vi at pr. mai 2000 hadde 2 av kommunane, Jølster og Luster, hovudsider på internett med linkar til natur. Dei andre mangla linkar eller hadde ikkje nettsider.

Jølster og Luster hadde då gode linkar til natur- og kulturattraksjonar i kommunen, som fortel ein mogleg turist om at til desse kommunane har spennande reisemål. Men berre Luster kommune hadde linkar på hovudsida til nasjonalparkar i kommunen. Vi fann ingen informasjon under Jølster som viste til at nasjonalparken utgjer ein stor del av arealet i kommunen, men om aktivitetar som gjeld Jostedalsbreen (breføring og flytur over breen). Det var ingen informasjon om at tilbodet går i/over ein nasjonalpark.

Luster kommune sine internettsider hadde mykje informasjon og er lette å finne fram i. Naturen og nasjonalparkar vert profilerte for å trekkje turistar til kommunen. Skal ein peike på eit minus, er det at nokre andre linkar (Jostedalen Breførarlag, fotogalleri), viste til Jotunheimen og Jostedalsbreen, men ikkje fortalde at områda er verna som nasjonalpark.

Fjordinfo, som har som mål å samle all internettinformasjon frå fylket, har eigen link til Jostedalsbreen nasjonalpark, men ikkje til Jotunheimen nasjonalpark, som også ligg i Sogn og Fjordane. Sida kjem likevel ikkje opp. Direktoratet for naturforvaltning laga i mai 2000 internettsider for alle nasjonalparkane i landet. (www.naturforvaltning.no/nasjonalparker.). Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har lagt ut informasjon om Jotunheimen og Jostedalsbreen nasjonalparkar og andre naturvernområde på internett.

Sogn og Fjordane Reiselivsråd har eit kart over Sogn og Fjordane på sine internettsider. På kartet er det ikkje vist nasjonalparkar eller andre naturvernområde. Vidare linkar til Stryn og Nordfjord, Jølster og Sogndal har ingen informasjon om at det er ein nasjonalpark i området, medan linkar til Jotunheimen og Jostedalsbreen finst for Luster. Reisemål Stryn og Nordfjord har linkar til brevandring på Jostedalsbreen, attraksjonar som Kjenndalsbreen og Briksdalsbreen, men ”nasjonalpark” er ikkje nemnt her. Under link til Stryn, er Jostedalsbreen nasjonalpark nemnt.

Fjærland Reiselivslag si side på internett har link i teksten til Jostedalsbreen nasjonalpark.

Brosjyrar

Den store reiselivsbrosjyren ”Sogn og Fjordane under breen” (1999) som er felles for alle kommunane i Sogn og Fjordane har kart over fylket som ikkje syner nasjonalparkar og landskapsvernområde. Det er i innhaldslista sidetilvising til Jostedalsbreen. Tilvisinga gjeld ulike brearmar, og ikkje informasjon om at det gjeld ein nasjonalpark. Det er ikkje eiga sidetilvising til Jotunheimen.

I denne brosjyren er det under kommunane Balestrand og Luster informasjon om nasjonalparken/ane i kommunen. Under dei andre kommunane er det ikkje slik informasjon. Årdal kommune har informasjon om Utladalen landskapsvernområde, Vik har ingen informasjon om Stølsheimen landskapsvernområde. Reiselivsbrosjyren Gloppeneventyret (1999) har fine kart utan Jostedalsbreen nasjonalpark. Nasjonalparken er heller ikkje nemnt på anna vis.

Informasjonstavler og skilt

Informasjon om nasjonalparkane og nokre andre naturvernområde skjer ved hjelp av informasjonstavler plasserte ved trafikknutepunkt og innfallsportar til områda. Det er dessutan sett opp skilt i storleik A6 og A5 der stiar inn i områda kryssar vernegrensa. Det er ikkje alltid like lett å sjå desse skilta. Truleg har vi litt å lære av andre land som set opp store skilt i tre som fortel turistane om at dei reiser inn i/nærmar seg område som er verna som nasjonalpark eller anna type områdevern. Nigardsbreen naturreservat er den einaste staden der ein har prøvt dette ut i vårt fylke, noko det har vore god respons på.

Oppsummering

Gjennomgangen viser at bruk av nasjonalpark og andre naturvernområde for å profilere og marknadsføre Noreg og naturen i Noreg i reiselivet, vert nytta dårleg, både av reiselivsnæringa sjølv og kommunane, anten det gjeld på internett eller papir. Det finst nokre unntak, som t.d. marknadsføringa frå Luster og Jølster kommune.

I internasjonale reiselivsguidar som Rough Guide og Lonely Planet Guide er dei opptekne av å presentere også naturen. ”National Parks” har gjerne eigne kapittel eller eigne boksar med informasjon, og då også om korleis ein kan kome seg dit. Denne informasjonen er godt profilert, noko som syner at forlaga meiner den er viktig for turistane.

Spørsmålet som står att ubesvart, er kvifor reiselivsnæringa i Noreg både lokalt og nasjonalt ikkje systematisk nyttar nasjonalparkar og andre naturvernområde som attraksjonar og trekkplaster i marknadsføringa. Det låg utafor prosjektet sitt område å finne ut av det. Kan hende lever reiselivsnæringa i same ”tru” som mange andre her i landet om at vi har så mykje natur slik at Noreg mest er å sjå på som ein einaste nasjonalpark. Men ansvaret går også delvis tilbake på nasjonalparkforvaltninga og manglande kapasitet til å profilere verneområda godt nok. Dette heng saman med ei forsiktig linje som styresmaktene har lagt seg på som følgje av eit relativt lite forvaltnings- og oppsynsapparat. I samanlikning med tilhøva i andre land som vi kan samanlikne oss med, er mange norske nasjonalparkar meir eit juridisk omgrep enn eit forvaltningsobjekt som skal profilerast overfor ålmenta og turistar. Då er det kanskje ikkje anna å vente enn at både reiselivet og dei områda som inneheld nasjonalparkar ikkje lett forstår formålet med spesiell profilering av vernestatus.

M.a.o.: Potensialet for bruk av nasjonalparkar og andre naturvernområde som toler slik bruk, er ikkje utnytta. Eg meiner at dette ikkje er godt nok når vi ser at trendane i reiselivet viser at utvikling av reisemål vert stadig viktigare, temareiser vert viktigare, og naturbasert reiseliv i tilknyting til verneområda vil ha ein spesiell kvalitet. Sentrale stikkord er lokal matkultur, naturoppleving, overnatting, aktivitetar, ”grøn omsorg”, stillheit, kulturlandskap, kunst- og kultur og spesielle naturprodukt.

Er dette viktig? Styresmaktene held stadig fram at naturvern også skal innebere føremoner og ikkje berre ulemper. ”Nasjonalpark” er eit internasjonalt kvalitetsstempel på fin natur, ikkje berre i det verna området, men oftast også omgjevnadene. Dette skal så gje økonomiske ringverknader til bygdene rundt og til kommunane som har nasjonalparkar.

Jostedalen

Avgrensinga av dalen som vi brukte i Naturbruksprosjektet følgjer kommunegrensa for gamle Jostedal kommune, dvs. frå Myklemyr og vidare innover dalen. Kommunesenteret Gaupne ligg omlag 11 km frå der gamle Jostedalen kommune startar.

Det bur omlag 450 menneske i bygda pr. 1.1.2000. Gjennomsnittsalder er 50 år, kvinnedelen er 87,5 pr. 100 menn, og 24% av befolkninga er over 68 år.

Tiltaks- og utviklingsarbeid har lange røter i Jostedalen, med bygging av AS Brevegen kring 1960 og utarbeiding av ein rapport om tiltaksarbeid i regi av Luster kommune frå 1982. Det sistnemnde arbeidet var starten på Jostedalen Næringsselskap AS (JONAS) som vart etablert i 1987.

Vest for Jostedalen er store delar av utmarka verna som Jostedalsbreen nasjonalpark (1991) eller Nigardsbreen naturreservat (1985). Det var ei omfattande kraftutbygging i dalen på siste halvdel av 1980-talet, som berørte først og fremst elvar og areal aust for Jostedalen.

Næringsliv - dagens situasjon

I det tradisjonelle jordbruket er det i alt 41 gardsbruk med 66 sysselsette og 37 årsverk. Totalt er det 471 storfe og 853 vinterfora sau i Jostedalen. Eitt bruk har 43 geit, og 2 bruk driv med bærproduksjon. Det finst ikkje bruk i Jostedalen som har garden som einaste inntekt, men det er omlag 12 personar som er bonde på heiltid. På kring halvparten av gardsbruka kjem ein stor del av inntekta utafrå garden (kafèdrift, campingplass m/ hytter, verkstad, datafirma, dagpendling og pensjon).

Det kjem omlag 45 000 - 50 000 turistar til Nigardsbreen kvart år (besøkstalet var oppe i 60 000 i 1994), og undersøkingar viser at besøket følgjer utviklinga i reiselivet elles. Det viktigaste turistmålet i Jostedalen er Nigardsbreen, medan dei andre sidedalane som t.d Krundalen med Bergsetbreen vert oppsøkt av turistar som overnattar i Jostedalen og tek seg tid til å gå turar og oppleve naturen ”for seg sjølv”.

Av arbeidsplassar finst følgjande i Jostedalen:

  • landbruk: 41 gardsbruk med 66 sysselsette og 37 årsverk (12 personar bonde på heiltid)
  • reiseliv: 12,5 årsverk + 45 sommararbeidsplassar
  • Breheimsenteret 1 årsv + 7-8 sommararb.pl.
  • Jostedalen Breførarlag 4 heiltid + 25 sommararb.pl.
  • Gjerde Camping 1 årsv/pers
  • Solvang Kafè & Pensjonat 3,5 årsv + 3-4 sommararb.pl.
  • Nigardsbreen Camping og hytter 1-2 årsv.
  • AL Brevegen 0,5 årsv. + 3-4 somararb.pl.
  • Jostedal Barnehage 3-4 deltid
  • Jostedal Industrier 4-5 årsv.
  • Nigardsbreen Pensjonat nedlagt
  • Samvirkelag 1 årsv.
  • Butikk 3-4 årsv.
  • Butikk 1 årsv. + 3 på deltid
  • Statoil Gjerde bensinstasjon (nye bensinpumper, del av butikk)
  • Jostedal skule 5 tilsette, nokre deltid (45 elevar)
  • Eldresenter 1,5 årsverk (7 eldre bur der)
  • Taxi 1 pers + 1 deltid
  • Transport og Sogn Billag 3-4 årsv.
  • Transportbedrift 4 årsv.
  • Brøyting o.l. 1 årsv.
  • Snekkar (eiga bedrift) 5 årsv.
  • Post 1,5 - 2 årsv.
  • Kraftstasjon årsv. + 3 sommararb.pl. (i sjølve kraftstasjonen i Jostedalen, møter på arbeid i Gaupne)
  • Kyrkjegard: 1 sommararb.pl.
  • Kyrkjetenar: 0,3 årsv.
  • Kunst 2 deltidarb.pl. (akvarellar, treskjering og trekunst)
  • media/reklamefilmar (prosjektoppdrag)

45 sommar-arbeidsplassar er så mange at det utgjer eit miljø om sommaren. Miljøet er så attraktivt at det kjem førespurnader frå heile landet om sommarjobb i Jostedalen, særleg innan breføring. Breheimsenteret har funksjon både som samlingsstad kring naturattraksjonen Nigardsbreen, og utgjer saman med Jostedalen Breførarlag ein ”motor” i reiselivet.

Det er i alt omlag 70 pendlarar i gamle Jostedal kommune, av desse ca. 40 pendlarar fremst i dalen. Miljøet i Jostedalen, både naturen og det sosiale er såpass attraktivt at folk som har hatt sommararbeid i Jostedalen seinare har slått seg ned der, delvis basert på pendling til Sogndal med heimekontor 1-2 dagar i veka.

Bustadfeltet frå slutten av 80-talet vert sett på som eit avgjerande grep for å halde på det sosiale miljøet i dalen, og for å skape optimisme. No står ein igjen framfor eit avgjerande tidsskilje.. Byggefeltet har skapt eit miljø som også har ringverknader på busetjinga på gardane. I tillegg er det eit eldresenter same stad. Mest alle som har hus i feltet, pendlar til Gaupne, dvs. 25 pers/årsverk; 2 personar dagpendlar til Sogndal frå bustadfeltet (noko også 2 andre som bur i Jostedalen gjer). Pendling til Sogndal let seg kombinere med heimekontor 1-2 dagar i veka.

I samband med kraftutbygginga på 80-talet vart vegen inn i Jostedalen utbetra, og eit industribygg vart bygt. Utbetringa av vegen har langt på veg vore ein føresetnad for å få til bustadfeltet og satsing på næringsliv i bygda. I industribygget som kom på slutten av 1980-talet i samband med kraftutbygginga i Jostedalen, er det i dag ei bedrift med 4-5 tilsette. Dei produserer undersøkingsbenker og operasjonsbord til helsevesenet.

Gjerde har ein viktig samlande funksjon i Jostedalen; eit senter som er viktig for det sosiale miljøet. Dette har med ”stemninga” i bygda og psykologi å gjere. Kafèen er eit viktig sosialt samlingspunkt.

Infrastrukturtiltak som vert oppfatta som viktige er:

  • Bustadfelt
  • Eldresenter
  • industribygg
  • Kafè (samlingsstad heile året)
  • Gode festar på samfunnshuset
  • Gode turkart over området
  • Merkte stiar, ikkje minst til/mellom DNT-hytter
  • Mange DNT-hytter i fjellområda
  • Jostedalen har eiga skule- og bygdeavis
Næringsliv - potensiale

Jordbruket er ei basisnæring i Jostedalen, men slit tungt som heiltidsyrke.

Nasjonalparken vert både oppfatta som ein ressurs, men samstundes ei avgrensing i høve til visse typar næringsutvikling.

(Nærings-)utvikling har vore tenkt og gjennomført i Jostedalen i 20 år. Utan hadde det sett heilt annleis ut i dag.

Ettersom det let seg gjere å pendle til Sogndal i kombinasjon med heimekontor, er det utsikter til at fleire fagfolk vil slå seg ned i Jostedalen. Men utkantane må ikkje sakke akterut; dei må få tilgang til breiband-teknologi.

Nigardsbreen vert sett på som overmåte viktig turistmål, og heilt sentral for reiselivet i bygda. Det er likeins viktig at breføringa kan halde fram, jf. problem med breelvane og behovet for omlegging av stien fram til breen.

Det er heller få fellingsløyve på hjort i dalen. Sal av fellingsløyve kjem lett i konflikt med hjortejakt som eit viktig trivselsmoment for bygdefolket.

Det kjem kunstnarar til Jostedalen for å male og få inspirasjon.

Fleire unge familiar er i ferd med å etablere seg.

Jostedalen kan by på ro, fred, stillheit og albuerom (og snø og ras osv.) og eit godt miljø for dei som har valt å bu her. Det er sterk bygdeidentitet hos dei som flyttar tilbake, som det er i Jostedalen generelt. Dalen vert sett på som eit egalitært og ope bygdesamfunn av dei som bur her.

For å få folk til å flytte tilbake, bør bygdelaget (og private) ta direkte kontakt med dei utflytta og presentere nye bedrifter i Gaupne; bedrifter som kan gje interessante arbeidsplassar og som gjer det mogleg å bu i Jostedalen. Det vert hevda at praktisering av reglane for bu- og driveplikta ikkje er streng nok. For nedlagde gardar/dødsbu er det uheldig for busettinga at dei som ikkje held bu- og driveplikt ikkje får reaksjonar. Meir enn 30% av jordbruksarealet er eigd av folk som ikkje bur i dalen. Tilleggsjord er inga god løysing, for folk må bu her. Rekruttering/fødslar er på veg ned, det er viktig å få inn ein ny generasjon slik det no ser ut til at dels skjer.

Ein viktig konklusjon er at, får ein arbeidsplassar i Gaupne, får ein også folk i Jostedalen!


Stardalen

Stardalen i Jølster kommune er ein omlag 25 km lang dal inn mot Jostedalsbreen frå vest. Avgrensinga av dalen går frå Heggheim/Grepstad, omlag 3 km etter at bilvegen inn Stardalen tek av frå riksvegen omlag 5 km frå Skei, som er kommunesenteret i Jølster. Nasjonalparken går kring Stardalen ned i 350 moh inst i dalen, men ved dei mest populære oppgangane til breen (Haugadalen og Befringdalen) ligg nasjonalparkgrensa på 600-700 moh.

Det bur i alt 198 personar i Stardalen (pr. 1.1.1999), av dei er 27% over 68 år. Gjennomsnittsalderen er 48 år. Kvinnedelen utgjer 52 pr. 100 menn, noko som er svært lågt.

Næringsliv - dagens situasjon

I det tradisjonelle landbruket er det 33 gardsbruk med husdyr. Mange bruk har 2 årsverk, dvs. 1,5 årsverk i snitt, og samla sysselsetjing er truleg 35- 40 personar. Ingen av bruka har seterdrift, men utmarksbeite vert aktivt nytta, ikkje minst av geitebruka. Husdyrtalet fordeler seg med 430 storfe, 940 sau og 570 geit i Stardalen.

I Stardalen er det følgjande arbeidsplassar i tillegg til landbruket:

  • 33 gardsbruk ca. 1,5 årsverk i snitt, samla sysselsetjing er truleg 35- 40 personar
  • arbeidsplassar utanom landbruk 8-9 årsverk, av dette 15-20 sommararb.plassar.
  • Jølstratrøya 2 pers. deltid
  • Ulla Design 1 pers. deltid
  • NAF-bane 1 pers. 75% st.
  • Stardalen Barnehage 2 årsverk, 3 pers.
  • Stardalen Hyttegrend (6 hytter, sameige 10 bønder) 0,5-1 årsv. (sommar)
  • Stardalen Sommarkafè 11 pers. sommararb.pl.
  • Butikk (S-lag) 1-1,5 årsv inkl. sommarhj..
  • Jølster Breførarlag/Glacier Team 1,5 sommararb.pl
  • Høyset camping deltid
  • Jølster Rafting v/ Steinset 2 -4 sommararb.pl.
  • Kunst 1 årsv.
  • Oversetjar - data 1 årsv.
  • Noko utleige av hjortejakt

I alt utgjer arbeidsplassar utanom landbruket omlag 8-9 årsverk i Stardalen.

Sommararbeidsplassane i Stardalen gjeld granplanting, slått/landbruk, rafting, sommarkafè, hytteutleige og noko breføring. Det har vore problem med å få nok folk på sommarkafèen (11 personar i alt, derav 4 vaksne i 1999).

Breføringa har ikkje stort omfang, men må sjåast som eit ekstratilbod til turistar som kan gjere Stardalen meir attraktiv.

At fase 2 i førarkortutdanninga har falle bort, har gjort at drifta av NAF-bana har vorte vanskelegare.

Pendlinga går til Skei (15-20 personar), med unntak av 1 person til Gloppen. Det er ikkje pendling frå Stardalen til Førde, for det vert oppfatta som å vere for langt. Kommunesenteret Skei har såleis funksjon som pendlingsområde, og då hovudsakleg til offentlege arbeidsplassar.

Det er søkt om bygging av minikraftverk i Veitebergelva (6,5 GWh, 2 grunneigarar) og i Befringelva (36 GWh, Samla Plan kat. I, 8 grunneigarar).

Det vart understreka av bygdefolket at naturen er ein viktig inspirasjon for dei som lever av kunst.

Både bygdefolk og folk frå kommunen understrekar at pendlinga er viktig både økonomisk og sosialt, då landbruket er ein nokså einsam arbeidsplass i dag.

I tillegg finst følgjande infrastruktur som er viktig for ”livet i bygda”:

  • Stardalen Utviklingslag
  • Basar
  • 17. mai
  • Bygdenæringsdagar
  • 4H-klubb
  • Visegruppe
  • Songlag
  • Songlag
  • Turkart Jølster
  • Merkte stiar
  • Natur- og kulturstiar
  • Jølstrafloraen (av Olav Befring)

Pub om sommaren i sommarkafèen er positivt i sosial samanheng.

Stardalen Utviklingslag har hatt ein viktig funksjon når det gjeld å ta nye initiativ. Folketalet i Stardalen har likevel gått ned dei seinare åra.

Næringsliv - potensiale

Landbruket vil vere basisnæringa også i framtida. Men ein må ha tilleggsnæringar, både av økonomiske og dels av sosiale grunnar.

Når det gjeld utviklinga av reiselivet, vil det vere viktig å få i stand kombinasjonar av tilbod, t.d. havfiske-rafting-breføring.

Nasjonalparken vert oppfatta som eit pluss i reiselivsamanheng. Likevel vert ikkje nasjonalparken nytta systematisk for å marknadsføre Stardalen.

Bygging av kraftverk i Veitebergelva og Befringelva vil kunne gje sikre inntekter til grunneigarane.

Lokalt vert det vurdert at for framtidig næringsutvikling, er det viktig å sjå på heile kommunen, ikkje berre Stardalen. Stardalen er avhengig av Skei som eit sterkt senter. Stardalen har i liten grad hatt tid til å engasjere seg utanom dalen. Det er tankevekkande at offentlege arbeidsplassar er i fleirtal i kommunen. Det er viktig å ha eit investeringsselskap og eit næringsfond slik at det finst midlar til å støtte gode prosjekt som dukkar opp. Rettleiingsteneste frå det offentlege for etablerarar er ofte avgjerande.

Sjølv vurderer ein del folk i Stardalen at utan Stardalen Utviklingslag og innsatsen som er gjort der, ville den økonomiske stoda i bygda ha vore langt vanskelegare.

Det vil då truleg vere rett å satse på brevandring som eit ekstratilbod; m.a. at Stardalen gjennom det samla tilbodet kan vere ein interessant stad å opphalde seg som turist. Rafting, turar (turkart), brevandring, kultur (Eikås, Astrup), kulturlandskap/landbruk vil ved utvikling av overnattingstilbod (t.d. Stardalen Hyttegrend o.a.) kunne gje eit interessant pakketilbod.

Stardalen Utviklingslag har vore i funksjon og aktivt så lenge at dei som har vore med lenge, byrjar å bli trøytte. Det krevst pågangsmot for å utvikle dei mange nye idèane.

I Stardalen bur det ein kunstnar som har naturen som inspirasjon. Dette viser at kunst kan gje arbeidsplassar. Det same gjeld kunsthandverk (design, Jølstratrøya). Stardalen er den einaste bygda i Naturbruksprosjektet der vi opplevde klart at folk såg på kunst og kunsthandverk som ei mogleg næring.

Stardalen er del av ein lokal arbeidsmarknad der pendling til kommunesenteret er avgjerande for økonomi og sosialt for Stardalen. Om offentlege arbeidsplassar i vert borte på Skei t.d. gjennom kommune-samanslåing, vil det slå uheldig ut for busetjinga i Stardalen.


Oppsummering - næringsutvikling kring Jostedalsbreen

Dalane kring Jostedalsbreen som er innfallsportane til området, har utvilsamt eit stort potensiale innan reiseliv. Dette er godt utvikla i Jostedalen og Fjærland, med Oldedalen som eit stjernedøme. Dette gjeld både for masseturisme og opplevingsturisme som breføring. Geografien og landskapet er sjølvsagt vesentleg.

Ut frå røynslene i Jostedalen er det nærliggjande å meine at dei tre informasjonssentra /nasjonalparksentra kring Jostedalsbreen er katalysatorar for reiselivet knytt opp mot nasjonalparken.

Nærare 10 år etter at nasjonalparken vart oppretta, har han stor grad av lokal aksept. Moglegheitene og utfordringane er meir i fokus enn avgrensingane og problema. Dette er likevel ikkje eit eintydig bilete, jf. søknaden om bygging av restaurant på fjelltoppen Kaldakari basert på helikopterturisme med utgangpunkt Veitastrond.

Jordbruket i sidedalane til Jostedalsbreen er i ein utsett posisjon som følgje av omlegginga av jordbrukspolitikken. Kulturlandskapet her har stor verdi også i reiselivet, og ein bør vurdere om det i slike område som er sentrale innfallsportar bør setjast i verk spesielle støtteordningar.

Pendling til kommunesentra er omfattande og svært økonomisk. Eventuelle fråfall av arbeidsplassar t.d. gjennom kommunesamanslåing kan få svært mykje å seie for busetnaden i sidedalane til Jostedalsbreen.


Oppsummering

Nøkkeltal for dei sju bygdene – dagens situasjon
  • Vi fann store skilnader mellom dei sju bygdene når det gjaldt korleis dei næringsmessig utnyttar situasjonen som innfallsport til verneområde. For dei fire bygdene rundt det planlagde verneområdet Naustdal/Gjengedal (Gjengedal, Kandal, Årdal og Instedalen) er det etter måten lite medvit om å utnytte området til naturbasert næringsutvikling. Bygdene Jostedalen og Stardalen rundt Jostedalsbreen syner eit anna bilete. På Værlandet er dei aktive, men næringsutviklinga er ikkje retta inn mot opplevingar i samband med naturreservatet.
  • Det er unytta potensiale for å utvikle opplevingstilbod som fiske, jakt, turgåing, fine utsiktspunkt, fjell- og breføring, fuglekikking m.m.. Satsingar innan gardsmat og tradisjonsmat, grøn omsorg og grøn fritid har også unytta potensiale
  • Det tradisjonelle landbruket med tilhøyrande kulturlandskap er avgjerande for å få effekt av den naturbaserte næringsutviklinga. Støtteordningar for mindre gardsbruk er viktig for å ivareta kulturlandskapet.
  • Reiseliv er viktig for randsonene både som heilårs- og sesongarbeidsplassar. Naturen er den viktigaste attraksjonen. Tematurisme og sjanse for opplevingar er mellom trendane i reiselivet, og dette høver som hand i hanske for naturbasert næringsutvikling nær verneområde.
  • Naturvernområde vert i liten grad nytta for å marknadsføre eit område/ein kommune. Naturen vert marknadsført, men ikkje det særeigne i den verna naturen.
  • Sommararbeidsplassar - ikkje minst innan reiselivet - er viktig for å halde på ungdom og for å gje ungdom lyst til å flytte tilbake etter utdanning, ved at det gjev identitetskjensle til bygda.
  • Utvikling av bygdesentrum er viktig. Kvar grend må ha eit ”sentrum”, kor lite det enn er; eller med andre ord ”ein stad å kome til”. Det må finnast ein stad å leggje att pengar, t.d. butikk, kiosk og kafe, og der det er naturleg å oppsøkje informasjon om verneområdet og om kva som kan opplevast på staden.
  • Kunst og kultur som næring bør sjåast i samband med utvikling av randsonene til verneområda. Natur gir inspirasjon.
  • IKT-baserte arbeidsplassar er få til no. Men kvalitetane ved å bu i naturnære område med eit sosialt fritidsmiljø, kan gjere det interessant å bu i ei bygd når dette kan kombinerast med heimekontor nokre dagar i veka. Breibandteknologi må vere tilgjengeleg også i utkantane.
  • Pendlinga frå dei sju bygdene varierer med avstand til regionsenter. I Årdal i Jølster og i Instedalen i Naustdal var talet på pendlarar særs høgt, samstundes som talet på arbeidsplassar i naturbasert næring utanom tradisjonelt landbruk er lite. Dette understrekar at naturbasert næringsutvikling i randsona ikkje er det første ein grip til for å skaffe seg inntekt. Sikkert lønsarbeid vert naturleg nok sett på som attraktivt.
  • Det er viktig at den lokale næringsutviklinga har eit godt støtteapparat på kommune- og fylkesnivå. Næringssatsinga må nedfellast i kommune- og fylkesplanar og planane må følgjast opp med støtte i form av kompetanse og økonomiske midlar.
  • Samarbeid og entreprenørskap er avgjerande. Eit kjenneteikn på ei bygd i utvikling er at det finst eit breitt og ope samarbeid lokalt. Bygdefolket må vere trygge nok til å sleppe framande turistar inn i sine område. Det er viktig at entreprenørskapstanken står i fokus når næring skal utviklast. Ein må sjå moglegheitene lokalt, og det er i menneska lokalt den viktigaste ressursen ligg.
  • Forvaltning av nasjonalparkar og andre naturvernområde står i spenninga mellom vern og bruk.
  • Det er to ulike syn på oppretting og forvaltning av nasjonalparkar. Eitt syn er at sentrale styresmakter avgrensar den lokale handlefridomen og stryper distrikta. Eit anna syn vert stadig meir framtredande. Det er at nasjonalparkar og andre verneområde representerer nye moglegheiter for dei distrikta der dette skjer. Dette fordi at attraksjonsverdien i reiselivet gjev auka potensiale for næringsutvikling


Tilråding frå Naturbruksprosjektet fase I:

Det vart tilrådd vidareføring med ein fase II, der ein fokuserer på

  • bygdemobilisering og stimulering av ”entreprenørskaps”-tanken i randsonene, både analytisk og praktisk.

Næringsutvikling må skje innanfor dei rammene som vernereglane set. Dialog med lokalbefolkning og lokale styresmakter om forvaltning og tiltak vil vere sentralt. Gjennom utvikling av slike metodar og ved lokalt engasjement må det arbeidast for å dempe konfliktar mellom vern og lokal næringsutvikling.

  • forvaltninga bør (framleis) søkje samarbeid med internasjonale nettverk. I samband med aktuelle EU-prosjekt kan det vere interessant å få eit nasjonalt pilotprosjekt i samband med Naustdal/Gjengedalområdet.
  • Det bør skiltast betre rundt verneområda våre. Dette arbeidet er ein del av å gjere verneområda tydelegare i minnet for turistane, lokalbefolkninga og reiselivsnæringa.
  • Reiselivsnæringa og forvaltningsstyresmaktene bør samarbeide om å utvikle marknadsføringa av verneområda og fylket.


Naturbruksprosjektet fase II, som startar opp i år 2002, har følgjande målsetjingar:

Søknad for 3 år, fekk for eitt, og vil iallfall gå over 2, vonleg 3 år:

Hovudmålsetjing:
Nye arbeidsplassar og auka inntening for personar og bedrifter gjennom natur- og kulturbasert næringsutvikling i og ved verneområde i Sogn og Fjordane.

Delmål:

  1. Gjennom analyse finne suksessfaktorar og eventuelle hindringar for bruk av verneområde til næringsutvikling.
  2. At det vert gjennomført konkrete tiltak innan naturbasert næringsutvikling i bygder kring verneområda.
  3. Aktiv utnytting av verneområda i marknadsføring av fylket som arbeidsplass, buplass og reisemål.
  4. Dempe konfliktgraden mellom vern og lokal næringsutvikling.

Kva for område og bygder som skal med i prosjektet er ikkje avgjort

Jotunheimen nasjonalpark og tilgrensande bygder

Når det gjeld Jotunheimen vil eg kort peike på:

  • Jotunheimen er eit godt etablert og positivt merkenamn
  • Eit godt utbygd reiseliv med turisthytter og infrastruktur
  • Meir enn 20 firma har løyve til og driv bre og fjellføring i nasjonalparken
  • Jotunheimen har gjeve inspirasjon til kunstnarar i fleire hundreår
  • Jotunheimen sin merkevare for rein natur kan nyttast på fleire måtar, jf. t.d. Arne Brimi og sunn og god mat
  • På denne bakgrunn bør folk som bur kring Jotunheimen ha alle grunnar til å tru på at ei framtid her er liv laga
  • For å finne rapport Naturbruksprosjektet, sjå:

    http://www.fjordinfo.no/fmsf/rapportar/Naturbruksprosjektet.pdf