Finst det ein ”fjellbygdidentitet”?
Innleiing om kulturell identitet og utmarkforvalting på konferanse i Lom 18. januar 2002

Sæbjørn Forberg
Senter for utvikling og miljø - SUM - Universitetet i Oslo

Innleiing

Denne innleiinga krinsar om to spørsmål. Først blir det spurt om det finst ein eigen lokal kulturell identitet i fjellbygdene. Dernest blir det spurt om korleis eksistensen av ein slik identitet kan påverke forvaltinga av fjell og utmark i framtida. Tre punkt vil bli drøfta for å skissere utkast til eit svar på desse spørsmåla. Eg byrjar med nokre allmenne merknader om kva kulturell identitet er for noko. Vidare skal eg seie litt om fjellbygdene og deira tradisjonelle forhold til fjellet og utmarka. Til slutt skal eg kome inn på nokre samanhengar mellom lokal kulturell identitet i fjellbygdene og forvaltinga av fjell- og utmarksområda våre i åra som kjem.

I)

Identitet og identitetsforsking

Ordet identitet blir brukt på ei lang rekkje ulike måtar både i kvardagsspråk og i vitskaplege samanhengar. For å byrje med den latinske tydinga av ordet, så kjem identitet av idem som tyder det same. Bruken av identitet i formalvitskapar som logikk og matematikk ligg såleis tett opp til den latinske grunntydinga sidan identitet der blir brukt om einingar som er heilt like eller identiske. Innanfor erfaringsvitskapane blir denne bruksmåten av identitet vanlegvis altfor streng. Her seier vi heller at noko har identitet dersom det har eitt eller fleire forholdsvis stabile kjenneteikn som gjer at vi kan skilje det ut frå omgjevnadene. Fjellet Galdhøpiggen har såleis ein identitet i kraft av visse stabile særmerke, slik som utsjånad og ved at toppen ligg 2469 meter over havet, osb.

I tråd med dette kunne vi stille oss som tilskodarar på utsida av eit utval fjellbygder og prøve å bestemme ”fjellbygdidentiteten”. Men ei slik tilnærming vil ha vanskar med å gripe det særmerkte ved identitetar til personar, kulturar og samfunn. Den viktigaste grunnen til dette er at vi til skilnad frå t.d. Galdhøpiggen kan ha eit medvite forhold til omgjevnadene våre, medmenneska våre og til oss sjølve. Vi er uomgjengeleg deltakarar i samfunnet, og ut frå dette blir identiteten vår danna og omdanna gjennom samhandling med andre menneske. Vi kan derfor seie at personlege, kulturelle og sosiale identitetar er praktiske.

Også identitetsforskaren må ta desse enkle poenga inn over seg for å få grep om og forståing av fenomena ho granskar. Dersom vi prøver å forstå og forklare den kulturelle identiteten eller eigenarten til ei gruppe menneske, må vi så langt råd prøve å sjå og forstå verda slik dei som er med i gruppa ser henne. Dette er vanskeleg å få til som tilskodarar frå utsida fordi vi ikkje får tilgang til innside perspektivet til aktørane som blir granska.

Ei lita historie fortalt av Tromsø filosofen Jakop Meløe opplyser det som nettopp er sagt på ein framifrå måte. Ein dag Meløe og den tre år gamle son hans var nede på bryggja vart han brått merksam på at treåringen var redd utan at han kunne skjøne kvifor. Det var ikkje noko farleg å sjå verken på eller i nærleiken av bryggja. Men så kom Meløe til å rette blikket ned mot bryggjeplankane, og dermed gjekk det opp for han kvifor sonen var redd. Det var breie sprekkar mellom plankane der ein såg lukt ned i sjøen, og dei små føtene til gutungen kunne lett kome til å skli ned mellom plankane. Sett med augo til treåringen var derfor situasjonen trugande, men dette vart først klart for faren når han tok perspektivet til sonen.

Kulturell identitet og sterke vurderingar

Når eg her skal snakke om identitet og fjellbygder, er det altså den praktisk kulturelle identiteten til slike samfunn eg har i tankane. I vår samanheng er det særleg to kjenneteikn ved slike identitetar vi bør bite oss merke i. For det første er kulturelle identitetar kjelder til individuell og kollektiv sjølvfortolking. Med det meiner eg at kulturelle identitetar målber felles historiske erfaringar, omgangsformer og tradisjonar som dannar bakgrunn for måten vi erfarer, forstår og fortolkar livet og omverda vår på. For det andre er kulturelle identitetar ladde med verdiar eller det den kanadiske filosofen Charles Taylor har kalla sterke vurderingar. (Ei god framstilling av Taylor på norsk er Fossland og Grimen 2001).

Sterke vurderingar skil seg frå svake vurderingar, som har med smak og behag å gjere, ved at dei uttrykkjer kulturelt nedfelte oppfatningar og ideal om kva slag person vi bør streve etter å vere. Dersom eg t.d. står i butikken og vaklar mellom å kjøpe Colgate eller Solidox tannkrem, så vurderer eg i svak forstand. Om eg kjøper det eine eller det andre har ikkje noko å seie for meg som person i djupare meining. Dersom eg derimot går frå ein skadd person i fjellet fordi eg heller vil kome raskt heim for å få pussa tennene, er det liten tvil om at eg avslører ein grov moralsk brest. Eg syner for all verda at eg ikkje er innforstått med dei sterke vurderingane som følgjer av det djupt grunnfesta moralske prinsippet om å hjelpe andre i naud, så sant det ikkje krev urimeleg store offer. At personlege og kulturelle identitetar består av sterke vurderingar er også med på å forklare korleis praktiske identitetar motiverer til handling, og kvifor slike identitetar gjerne yter motstand når dei blir utfordra.

II)

Fjellbygder og identitet

Kulturelle identitetar er altså verdiladde og historisk prega kjelder for individuell og kollektiv sjølvfortolking. Dessutan verkar kulturelle identitetar inn på korleis vi ter oss. Det neste spørsmålet er om fjellbygdene har nokon særmerkt identitet i denne tydinga av ordet? Dersom vi med fjellbygder meiner noko i retning av bygder utan direkte kontakt med havet og der størsteparten av arealet ligg over skoggrensa, kan vi ikkje vente og finne nokon eintydig fjellbygdidentitet. Fjellbygdene vil etter denne definisjonen omfatte store delar av det norske landarealet frå indre Agder til indre Finnmark, og den kulturelle, sosiale og økonomiske tilpassinga til naturvilkåra innanfor dette svære området vil sjølvsagt variere. Jamvel mellom grannebygder som Lom og Skjåk vil vi finne forskjellar i synet på fjellet og utmarka. Dette har mellom anna med ulike eigedomstilhøve og ulike tradisjonar når det gjeld fjellturisme å gjere. Storparten av fjellet i Lom er statsallmenning medan alt fjellet i Skjåk er bygdeallmenning. Lom har lange og stolte tradisjonar når det gjeld fjellturisme. I Skjåk har derimot fjellturismen aldri fått nokon framskoten plass. Dersom vi ser stort på det, meiner eg likevel at vi i det minste innanfor det tradisjonelle bondesamfunnet kan finne konturane av ein felles fjellbygdidentitet. Korleis dette ytrar seg i meir moderne og postmoderne tider kjem eg attende til.

”Kå fan gjer du her”

Fjellet og utmarka har for det første inntil nyleg vore ein viktig arena for matauk. Fjell og utmark har i uminneleg tid vore brukt til mellom anna setring, beite, jakt, fiske, fangst, bærplukking og fôrsanking. Fram til svartedauden var truleg fangst av villrein mange stader viktigare enn sjølve jordbruket, noko den store mengda fangstgraver i dei fleste fjellområde vitnar om. I tillegg var fjellet i eldre tid viktig for samferdsla, sidan vegane bygdene mellom og ut til marknadsplassane ved kysten oftast gjekk over fjellet. Det er såleis tøys å snakke om at fjellet vart oppdaga av engelske lordar og kristianiaborgarar på 1800-talet.

Fordi ressursane i fjellet og utmarka er knappe, utvikla det seg tidleg både sedvanar og institusjonalisert lovverk som regulerte bruken av utmarka (jf. passusane om allmenningane i dei gamle landskapslovene). Men ofte kunne rettstilhøva vere uklåre og omtrentlege, noko vi denne ”rispa” attgjeven av Øystein Mølmen kastar lys over. Mølmen skriv (1988: 359):

Jaktoppsyn Ola Råstad frå Vågå hadde ein haustdag i 1916 kome over Skjervedalen og langt inn på Kjølen på Lesja. Der trefte han ein reinsjeger frå Bø i Lesja. Ola hadde alltid meint at sørsida av Kjølen var jaktområde for vagværane, og denne stutte samtala kom i stand: ”Kå fan gjer du her?” spurde Ola. ”Ka fan gjer du her?” var svaret frå bøjegeren. Meir vart det ikkje sagt.

Denne vesle historia fortel om meir enn den lakoniske replikkunsten i Nord Gudbrandsdalen. Bannskapen røper i tillegg at det knyter seg kjensler og sterke vurderingar til jaktvald og andre krav om råderettar i utmarka. Ein måte å forklare dette på er sjølvsagt å vise til økonomiske interesser, men den marginale økonomiske verdien til mange omstridde utmarksområde tyder på at dette ikkje er heile forklaringa. Grunnen til det er at bruks- og eigedomsrettar ikkje berre er økonomiske og juridiske instrument; dei er også er markørar for sosial- og kulturell identitet. Når t.d. ei grend i all tid har brukt eit område til setring, er det ikkje til å undre seg over at folk i grenda identifiserer seg så sterkt med området at dei kjenner det som ein del av seg sjølve. Det er ikkje for ingenting at arbeidet til Høgfjellskommisjonen frå 1908-1954 saman med dagens diskusjonar om retten til land og vatn i Finnmark høyrer med til dei tyngste rettslege prosessane vi har hatt her i landet.

Vedlikehald

Koplinga mellom landområde, naturbruk og identitet set oss også på sporet etter eit anna kjenneteikn ved det tradisjonelle fjellbygdsamfunnet. Det eg tenkjer på er den forvaltingsetikken som mellom anna kjem til uttrykk i ”bondemaksimen” som seier at ein gardbrukar skal overlevere ein gard i minst like god stand som da han overtok han. I følgje den nøkterne arbeidsetikken som har rådd i norske bygder, er det viktig å ta vare på dei ressursane ein har, noko som til ein viss grad også har omfatta fjellet og utmarka. Men her finst det også unntak, som t.d. da innføringa av ”kragen” heldt på å ta knekken på villreinen tidleg på 1900-talet. Innføring av ny teknologi er i det heile eit kritisk punkt i forhold til tradisjonell forvaltingsetikk. Grunnen til det er at gamle handlingsmønster gjerne held fram, men med nye middel og derfor heilt andre konsekvensar.

Den einsidige nyttemotivasjonen som ligg under tradisjonell forvaltingstankegang er eit anna kritisk punkt. Rovdyra hadde t.d. ingen plass i den protestantisk reformerte naturen fordi dei var konkurrentar i matfatet og eit trugsmål mot småfehaldet. Dette vart inntil nyleg forsterka av ulike statlege utryddingstiltak, og konfliktane i kjølvatnet av at politikken på dette området nå er snudd på hovudet skulle vere velkjente.

Vreid natur og det frie livet

Fjellet og utmarka var altså frå gammalt eit viktig spisskammer for folk i bygdene. Men dette seier ikkje heile sanninga om tilhøvet mellom den tradisjonelle bygdeidentiteten og fjellet. Vi må ta med minst to moment til, der det første er opplevinga av naturen som overmektig og vreid. Dette gav seg utslag i tankar om personifiserte naturkrefter og segner om huldra og andre såkalla underjordiske vesen. Det andre momentet er opplevinga av at fjellivet hadde ein spesiell fridom over seg. På setra og på jakt- og fisketurar kom ein liksom bort frå trongsynet og den sosiale kuinga nede i bygda.

Sjølv om det er samanfall, var nok dette helst ein annan type fritt liv enn det den professorale Jens Andreas Friis tok til ords for i friluftsklassikaren Til fjells i feriene frå 1876 (side 7):

Kom og reis til fjells! Er du trett etter vinterens slit og slep, så kom og reis med! Riv deg løs for en kort tid fra studiets anstrængelser eller glem for en stund de forretningens bekymringer som du inne i den travle by aldri er riktig fri for, som du efter dagens gjerning ofte går til sengs med og snur og vender deg over uten å finne styrkende hvile! Tenk ikke mer på problemers løsning eller på tap og gevinst, men kom og reis med, høyt opp over by og bygd!

(Post)moderne tider

I dag er det mange i fjellbygdene som har gjort oppmodinga frå Friis til si. Pengar, fritid og eit langt på veg postagrart næringsliv sjølv i fjellbygdene har gjort det mogleg. Fjellet er i dag ein viktig arena for rekreasjon og fritid også for bygdefolk, og det er ikkje anna å vente enn at dei store endringane som har skjedd i fjellbygdene dei siste tiåra også har påverka den kulturelle identiteten til slike samfunn. Men her må vi ikkje gå i den fella å tru at identitetar endrar seg i bråe kast frå det tradisjonelt agrare over det industrielt moderne til det postmoderne. Det er heller slik at brotstykke av ulike identitetar og livsformer lever side om side. Av den grunn er framleis mange av dei sterke vurderingane knytt til måtar fjellet vart brukt på i tidlegare tid lys levande samstundes som mykje nytt har kome til.

Dagens gardbrukar kombinerer kanskje tilsyn med dyra med det å få seg ein fjelltur. Kanskje har ho med fiskestanga, men det gjer ikkje noko om det ikkje blir fangst, fordi det er fjellaure frå Peru å få kjøpt i frysedisken på Rimi. Også fjellbygdene er del av den globale økonomien og kulturspreiinga. Urbanistane i Radio 1 og andre ”kristiania-norske” ideologiprodusentar tek feil når dei trur at folk på bygdene ikkje et kebab. Men pirk ikkje borti beiteretten, da blir det bråk!

Frikopling

Mangfaldet av sosiale- og kulturelle identitetar i fjellbygdene er såleis mykje større nå enn nokon gong før. Det er ikkje lenger eit ein til ein forhold mellom stad og identitet. Sosial, kulturell og romleg identitet er i dag i stor grad frikopla frå einannan. Personar som kjem til ei fjellbygd i vaksen alder, vil tolke dei nye omgjevnadene sine på bakgrunn av erfaringar dei har gjort andre stader. Dei vil derfor i mange tilfelle truleg identifisere seg med fjellet på ein annan måte enn dei fastbuande. Sjølv blant dei som bur fast i ei fjellbygd er det i dag berre eit lite mindretal som hentar vesentlege delar av inntekta si frå utmarka. Koplingane mellom kulturell identitet og arbeidslandskapet utmarka var i eldre tid blir derfor svekte.

III)

Identitet og framtid

I geologien lærer vi at fjellkjeder blir danna ved at sedimentære avsetjingar blir falda saman av plater i jordskorpa. Vi kan med visse tillempingar overføre dette som eit bilete på kulturelle identitetar. Kulturelle identitetar er historisk prega ved at dei består av avleiringar frå ulike tidbolkar. Samstundes er desse laga falda og forkasta slik at avsetjingar frå ulike periodar kjem i dagen. Andre avsetjingar har vorte så sterkt omdanna i møtet mellom gammalt og nytt at heilt nye identitetar har oppstått. Slik har altså den kulturelle ståstaden vi uomgjengeleg møter framtida på grunnlag av vorte til. Korleis kan da det grove risset eg har gjeve av identiteten i fjellbygdene påverke bruken og forvaltinga av fjellområda i framtida?

På dette spørsmålet finst det berre eitt sikkert svar; så lenge det bur folk i fjellbygdene vil denne busetnaden vere med på å avgjere lagnaden til norske fjell. Dersom vi skal lykkast med å ta vare på fjellområda våre i framtida, er det derfor viktig at dei som bur i bygdene blir tekne med i forvaltinga. Det er eit vilkår for vellykka naturforvalting at alle råka partar blir høyrd. Dette er eit hovudpunkt som statlege styresmakter og nasjonale friluftsorganisasjonar dessverre ikkje alltid tek innover seg i tilstrekkeleg grad.

Respekt

I dag er det derfor eit vesentleg problem at mange i fjellbygdene opplever at dei ikkje blir høyrde i store forvaltingssaker. Rovdyrproblematikken er alt nemnt. I tillegg kjem ei rekkje store saker om arealforvalting. På desse saksområda kan mangel på omsyn til identiteten i fjellbygdene gje utslag som ingen eigentleg ynskjer. Omgrepet praktisk identitet er etisk tilordna omgrepet respekt; dvs. at dei sterke vurderingane sosiale- og kulturelle identitetar består av krev å bli tekne på alvor. Som personar og medlemmar av sosiale fellesskap krev vi å bli respekterte, elles vil vi normalt kjenne oss krenkte. Dette er krenkingar som kan føre til både harme og framandgjering med uheldige følgjer for måten vi omgåst naturen på. Dersom sinnet tek styringa, kan sjølv sindige bygdefolk kome til å sabotere statlege vernetiltak. Eller dersom heile bygdelag blir avmatta av framandgjering, kan det breie seg ei skadeleg lokal likesæle overfor det som skjer med naturmiljøet.

Pristak på jakt og fiske

Harme og framandgjering kjem oftast til uttrykk i saker der det blir stilt spørsmål ved den lokale råderetten over fjell og utmark. Bruks- og eigedomsrettar handlar som sagt både om økonomi og kulturell identitet, og det er særleg når slike kompleks kjem opp vi bør sjå oss om etter smidige forvaltingsløysingar. For å gripe enda ei politisk varm potet, så er vi på ville vegar når det med retorisk ryggdekking i allemannsretten blir argumentert for å innføre pristak på jakt og fiske. Ein ting er at prisregulering av jakt og fiske vil vere bortimot umogleg å administrere. Eit anna forhold er at eit slikt system lett vil gje feil insentiv til grunneigarar og dermed minske det samla tilbodet av jakt og fiske. Hovudpoenget i vår samanheng er likevel at framstøyt for å tøye allemannsretten til å gjelde knappe naturressursar, som fisk og vilt, kan uthole nettopp allemannsretten. Ikkje berre grunneigarar, men også heile lokalsamfunn vil kjenne seg overkøyrde av ein slik politikk, noko som i neste omgang sannsynlegvis vil slå attende på allemannsretten.

Utmarksetikk

Retten til fritt opphald og rørslerom i utmark er eit så viktig gode for folk i både by og bygd at vi kan seie at allemannsretten målber ei sterk vurdering i vår nasjonale identitet. Det høyrer med til det å vere nordmann å kunne røre seg fritt skog og fjell. Bortsett frå i strandsona og kring enkelte lokale problempunkt er allemannsretten i dag lite omstridd. Men dette kan fort endre seg på grunn av uhemma hyttebygging eller ved at private storføretak legg elsken sin på norsk utmark. Ottar Brox har dessutan nyleg har peikt på at brei oppslutnad om utmarksetikken som er uttrykt i Friluftsloven er ein føresetnad for å halde allemannsretten ved like. Der står det mellom anna at vi skal fare fram ”hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet”.

Fortolking av identitet

For eigen del vil eg leggje til at denne utmarksetikken også burde gjelde for bygdefolk som brukar dei eksklusive rettane sine i fjellet og utmarka. Dei som fiskar, jaktar, driv med beitedyr og hogst o. l. bør fare fram ”hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet”. Dette er også i samsvar med den folkelege forvaltingstanken i fjellbygdene, som eg var innom tidlegare. Det gjeld å ta vare på det ein har slik at også seinare slektsledd kan nyte godt av det. Her har vi eit positivt trekk ved den tradisjonelle identiteten i fjellbygdene som vi bør byggje på i den framtidige forvaltinga av fjellheimen. Ved å respektere og ta lokalbefolkninga på alvor i forvaltingsspørsmål, bør det vere mogleg å samtale og forhandle seg fram til løysingar som både lokale og nasjonale partar i lengda kan sjå seg tente med.

Nettopp slike samtalar og forhandlingar kan dessutan bringe opp dei kulturelle identitetane som ligg under både i fjellbygdene og i statsforvaltinga. Dette kan bli lærerikt for begge partar, for den kulturelle identiteten vår er noko vi aldri blir ferdige med verken i bygd eller by. Vi bør heller ikkje bli ferdige med den typen overskridande identitetserfaringar som Tarjei Vesaas gjev ord til i forteljinga Siste mann heim der Knut er i tømmerskogen og høyrer liksom ei røyst seie:

”Her er du heime, Knut.
Kva? -
Det var ingen som sa detta. Men det er detta som er på ferd i dag. Her er du heime. Ei herleg og sann og enkel verd opnar for han på den staden han er fødd. Som ei kosteleg gåve. Han går mellom alle desse falne trea, og desse tusen som står att. Det hender noko med han i dag: Skogen opnar seg for han. Hans eigen plass openberrar seg.
Det er ein viktig dag for eit menneske.”


Ymse litteratur:

  • Brox, O.: Vår felles eiendom. Tar vi vare på allemannsretten? Pax forlag. Oslo, 2001.
  • Forberg, S.: “Common property and cultural identity”. Uttrykt kapittel til doktoravhandling.
  • Forberg, S.: Forvalting av Reinheimen og lokal kulturell identitet i Nord-Gudbrandsdalen. Utrykt konsekvensutgreiing for Fylkesmannen i Oppland, 2001.
  • Fossland, J. og Grimen, H.: Selvforståelse og frihet. Introduksjon til Charles Taylors filosofi. Universitetsforlaget. Oslo, 2001.
  • Friis, J.A.: Til fjells i feriene. Kristiania, 1876. (Opptrykt mange gonger seinare)
  • Mølmen, Ø.: Jakt- og fangstkulturen in Skjåk og Finndalsfjellet. Skjåk kommune. Otta, 1988.
  • Rossvær, V.: Ruinlandskap og modernitet. Hverdagsbilder og randsoneerfaringar fra et nord-norsk fiskevær. Spartacus Forlag. Oslo, 1998.
  • Vesaas, T.: Vindane. Oslo, 1952.