Fjellenes år

Torstein.Rudihagen
Stortinget

Fjellet er ein ressurs, derfor er fjellbygdene ressurssterke. Utfordringa er å ta vare på denne delen av naturen, dette sårbare økosystemet med sitt artsmangfold og samstundes utnytte denne ressursen for å gje oss alle eit rikare liv, ein betre livskvalitet og som næringsgrunnlag for fjellbygdene og grunnlag for levande bygder. Det internasjonale fjellåret har gitt oss ein mogelegheit til å få fokus på,og ein diskusjon om denne utfordringa, noko Fjellregionsamarbeidet og arrangørane av denne temakonferansa har gripi fatt i på ein offensiv og god måte. Så har da også tittelen på dagens tema vore :”mulighetenes år i fjellregionen.” Tittelen avslører ein vilja til å søkje og utnytte mogelegheitene. Det gjev håp for fjellbygdene våre.

Verdien, ressursen skulle vera openbar, men i ein stadig meir urbanisert kvardag treng vi så visst å synleggjera den. Mange har gjennom sin måte å leva på og bostad, vorte alt for avstengde frå fjellet og naturen. Men trongen til naturen ligg i oss. Den naturen som for nokre generasjonar sidan var ein viktig del av folk sitt levesett, og som vi biologisk er ein del av. Folk levde av og med naturen. Frå uminnelege tider attende har nordmenn ferdast i fjellet på jakt og fangst for sanking av bær og sopp, i samanheng med sætring eller rett og slett for å oppretthalde kontakt med omverda. Ofte var det lettare å ta seg fram på snaufjellet enn i ulendte skogkledde dalar. Derfor gjekk mange av dei gamle ferdselsårene i fjellet. Desse transportane var så visst ikkje berre romantikk. For å ta ei lita avsporing: Eg vart fasinert av ei bygdebok eg las for ei tid sidan om korleis posttransporten gjekk føre seg. Morosamt var det og. Ei tid vart posten til Steig i Sør-Fron ført med ein hest i 9,5 mil over fjellet og turen tok 2 døger. Ein postførar fortalte om opplevingane og sa som det var:” Eg har kjørt posten i 38 år, og enten du trur det eller ei, så kom eg frå det med livet. Ja tru, det måtte ein vel gjera ,når han sjølv sa det.

Det var også fortalt at bestefar hans Knut Hamsund som var bygdehåndverkar også bar posten mellom Vågå og Lom. Det var i byrjinga av 1800-talet og ingen annan postgang. Det var presten som avgjorde når posten skulle gå, og det var på kyrkjebakken at Per skapte eit uttrykk som vart ståande. Presten Krag bad Per om å gå med posten neste dag.

”Ja, om Gud vil,” svara Per. ”Men om Gud ikkje vil,” spurte presten. ” Da går eg leill, det lyt bli ei råd med posten”, sa han Per. Tidleg på 1800-talet kom også ideen om rekreasjon i ein vakker eller dramatisk fjellnatur her i landet, kanskje mest som etterdønningar etter Romantikken sin bløming i i Europa. Friluftslivet i Norge har også sterke røter i prosessen rundt oppbygginga av ein nasjonal identitet og kampen for nasjonalt sjølvstende. Ønskje om politisk sjølvstyre smelta saman med ønskje om å synleggjera særprega nasjonale kulturelement og gjera dei kjende i heile nasjonen. Dette skal vi merka oss. For vi skal som bygdafolk vera stolte av fjellet vårt og stolte av den kulturarven vi også ber med oss frå livet i fjellheimen. Vi samhandlar internasjonalt og kommuniserer og får påverknad frå heile verda meir enn nokon gong. Dette er bra. Men vi må ha ei referanseramme å møte dette med, særleg dei unge. Vi må ta vare på vår eigen identitet, våre eigne røtter og vår eigen kultur. Dette skapar ikkje noko mindre toleranse, tvert imot. Er vi trygge på vår eigen identitet har vi også større forståing for dei andre. Fjellnaturen og kulturminna her må vi derfor halde fram som ein kvalitet som gjer det attraktivt å bo i fjellregionane.

Det er også denne kvaliteten vi skal gi dei tilreisande som det reiselivsproduktet det er.

Og her ligg så klart den, ja eg vil seie aukande verdien. Det moderne menneskje i ei teknifisert verd klamre seg desperat til det som måtte vera att av urørt natur. Dette behovet for natur må ha ein samanheng med at menneskja i 99% av tilværet på denne mangfoldige kloda, har levd som ein del av naturen, i nær kontakt og avhenge. Menneskja og natur var eitt.

Frilutsmeldinga som ligg til behandling i Stortinget ,har fått ein undertittel ”Ein veg til høgare livskvalitet”. Eg er sikker på at livskvalitet og jakten på det gode liv, vil bli sentralt for folk i tida framom oss. Dei siste 15 åra er nordmenn flest vorte rikare. Samstundes syner forskning at det er få som meiner dei har vorte lukkelegare. Ein blir ikkje ulukkeleg av velstand i seg sjølv, men det er heilt tydeleg at eit materalistisk liv med jag etter materielle gode, ikkje utan vidare er eit lukkeleg liv. På spørsmål om kva som er vesentleg med tanke på det gode liv og kva som er viktig for identiteten til den einskilde, nemner 19 av 20 mordmenn naturen. Denne trenden må vi sørge for å dra nytte av.

Fjellnaturen synest å appellere til noko grunnleggjande i oss, den gir oss livsglede og hjelper oss til å gjenopprette den mentale og fysiske balansen når den moderne livsforma slit hardt på oss. Arkeologane fortel oss at det var reinsjakta som dreiv folk innover fjellet i tidlige tider. Men eg trur ikkje at det var berre matauk som dreiv dei fyrste steinalderfolka til fjells. For det var ikkje mangel på mat eller dårleg plass. På kysten var det rikeleg med begge delar. Steinaldertilværet var ingen evig kamp for å fylle magen, men på mange måtar eit overflodssamfunn, også når det galdt tid. Det kan godt vera at det var knytta ein viss prestisje i å ta reinsdyr og reinsdyr kan ha spela ei viktig rolle i myter og ritualar, ein arv frå den gongen dyret vart avbilda i grotter i Frankrike, i den tida isen dekka Norge. Men kanskje var den sterkaste drivkrafta da som nå, eventyrlysta og trongen til å oppleve det storslagne i fjellnaturen.

Om reinen har hatt ein viktig plass i samfunnet sine myter, har nok fjellet hatt det og. For menneskje som lever i nær kontakt med naturen slik fangstfolka gjorde, er naturen ein del av det heilage. Vi kjenner til heilage fjell i andre kulturar. Slik kan vi forestelle oss at det og var i fangstkulturen i Norge for 9000 år sidan. Det er fasinerande å forestelle seg korleis dei aller fyrste fjellvandrarane opplevde dei store fjellviddene. Mykje av fjellet såg ut som i dag, bortsett frå dei delar som er prega av seinare tids kulturpåverknad, alt frå sæterdrift, tamreindrift til store vannkraftutbyggingar. Men i den nesten urørte delen av fjellheimen kan vi kjenne slektskapet med steinalderfolket. Vi kan vera på dei same boplassane, betrakte den same utsikta. Vi har kanskje dei same kjenslene. Skrapar vi litt i denne moderne tidas skal, finn vi kanskje attende til oss sjølve, nettop i fjellet. Å du verda, som vi kan ause av gleder, opplevingar og berikelse i vårt fjell og natur. Ikkje berre av flora, fauna, utsyn og værkrefter, men også ved å bli nysjerige på spor etter våre fedre. Det er gamle ferdselsvegar, fangstanlegg med dyregraver av mange slag, ledegjerder, bogesteller, steinhytter og blæstergroper.

Når ein set seg inn i korleis folk levde av og med naturen, så kan ein og få ein forståing av gammal overtru. Vi dreg sjølvsagt på smilebåndet i dag, men når folk sat i ei lita jaktbu eller sæterstugu i mørket- alt ljoset som var, var ljosskjæret frå ildstaden, stormen sleit og reiv i husnova, det knaka og knirka, så var det kanskje ikkje så rart om tanken kom om underjordiske, hulder, troll, vardøger, trollkatt, nøkken, brunntore, nisser og kva det nå måtte vera av overnaturlege vesen. Vi skal vare oss for å kalle dette heidendom, men kanskje sjå desse vesena som symbol på naturkrefter, naturelement som folk måtte leva med og ta omsyn til. Eg nemner dette, fordi det er ein del av verdien vi må formidle. Som tidligare leirskulelerar veit eg kor ungane kan leva seg inn i dette når dei samlast om kvelden ved ljosskjæret av peisvarmen. Det å få barn og unge til å bli glade i fjellet og til å bruke det, er ei oppgåve som også frilutsmeldinga omtaler mykje og med mange konkrete tiltak i skule og fritid. Dette må vi følgje opp i både statleg og kommunal politikk. Det er på ingen måte sjølvsagt at barn får dette i heimen. Da må vi også vera opne for at det er aktiviteten som motiverer barna og legge til rette for det. Evnen til naturopplevingar kjem da som ein bieffekt.

Eg sa ofte til medfølgjande lærarar at det får våge seg om elevane gløymde lærdomen i flora, fauna, snøhulegraving ,orientering eller kva det nå måtte vera, om eg berre hadde greidd å stimulera nyssjerigheita deira på naturen. Om ein hadde sådd eit frø om at naturen var noko spanande dei ville søke ut i att for å hente krefter og glede- rekreasjon- i ein stadig meir urbanisert kvardag. Dette er og den beste miljøundervisninga ein kan driva. Det ein blir glad i, vil ein ikkje øydeleggja.

Eg vil gi honnnør til og rose DNT for at dei for første gong har gitt ut ei årbok for barn.

Det å kome seg ut i fjell og natur, gjer så mykje med oss. Ja, det er så eg får abstinens når eg ikkje får det til. Som P.Chr. Asbjørnsen sa:” Når verden går meg imot, og det unnlater den sjelden å gjøre, har jeg alltid funnet meg vel ved å anvende friluftsvandringer som demper for min smule bekymring og uro.” Problema blir sjølvsagt ikkje borte. Eg veit at banklåna må betalast og politiske kollegaer kan vera like kranglevorne, men problema får ein annan dimensjon. Ingen har sagt dette betre enn A.O. Vinje;

Alt er som før, men det er meir forklaarat
Så dagens ljos meg synest meire bjart,
Og det som beit og skar meg så det saarat
Det gjere sjølve skuggen mindre svart.

Denne fjellnaturen saman med kulturminnene og levande sætrer vil vera ein turistattraksjon også i framtida . Ein ressurs med aukande verdi.

Derfor må vi i fjellbygdene leggje til rette for reiselivsnæringa. Vi må ikkje berre akseptere denne næringa, men vi må satse på den. Det betyr tilrettelegging for hotell og andre overnattingsverksemder, hyttebygging og aktivitetsanlegg. Vi må ta innover oss at barn og unge må sjå verdien av fjellheimen gjennom nye aktivitetar, ikkje berre gjennom turar med sekk på ryggen. Snowboard og alpint er også friluftsaktivitetar. Det same er rafting og andre ekstremsportar. Korleis harmonerar nå dette med det eg har sagt om verdien av urørt natur? Her er det ikkje enten eller. Men eit både og. Her er plass til begge delar. Kjem vi utanom desse små tettstadene av turistkonsentrasjon, erfarer eg at eg kan gå milevis på ski eller beina utan å sjå eit menneskje eller eit hus. Det eg åtvarar mot, er det eg stundom opplever, ein nærast hysterisk aversjon mot alt som er av turist- og hyttebygging. Vi skal vera klar over at denne aktiviteten skapar arbeidsplassar både direkte i næringa og for håndverkarar, entrepenørar og handelsnæring. Noko vi så sårt treng. Vi treng mest av alt folk, liv og røre i bygdene våre. Ved å leggje til rette for hyttebygging, får vi i allefall fleire folk i periodar av året og vi gir utflytta bygdafolk høve til å ha ein plass i bygda der dei kan kome attende og pleie tilhøret til bygda. Vi gjev folk mogelegheiten til å kome og oppleve denne fjellnaturen som betyr så mykje for vår livskvalitet. La oss stå fram som opne og inkluderande. Men så må vi aldri sage av den grøne greina vi sit på. Kommunale myndigheiter må aldri gi etter for entrepenørar, utbyggjarar eller andre som på død og liv skal byggja ut fortast råd for å hauste kortsiktig gevinst. Som tidligare ordførar i ein kommune som satsar på reiseliv, veit eg kva dette er. Vi må ta den tida som trengs til god kommuneplanlegging og arealplanlegging. Uvettig utbyggjing av hytteområde eller turistanlegg kan øydeleggja nettop det produktet som vi skal marknadsføre. Det er ingen tent med. Det er derfor vi har store krav til planarbeide og det er derfor vi må tenkje og planleggje langsiktig. Men eg er overtydd om at om vi bruker sunn fornuft, har vi plass til både utbyggjing og vern.

Den norske støls- eller sætertradisjon er ein viktig ressurs. Eg har sagt mykje om opplevinga ved å bruke fjellet og dei eldgamle spor og kulturminnene vi kan finne. Ei sætergrend med folk og dyr vil ha sin eigen verdi for bygdene og folk her, men det vil og vera ei oppleving og attraksjon for tilreisande. Kort og godt eit reiselivsprodukt det også. Utfordringa ligg i å ta vare på desse sætrene og ikkje minst kunne utnytte dei både i reiselivssamanheng og i landbrukssamanheng. Derfor må eg rose prosjektet ”Norske stølslandskap. Et nøkkelområde for stølsdrift i Europa”. Eg er samd i at ein eigen status for stølslandskapet vil ha betydning for dei lokale, regionale og nasjonale verdiane som her blir forvalta. Sæterdrifta er ein kulturarv det er grunn til å ta vare på.

Ikkje minst har vi her tradisjonar for lokal produksjon og foredling. Det er nettopp dette som vi skal byggje vidare på i utvikling av norske matprodukt som ein spesialitet for ein meir kjøpe-og betalingsviljugt marknad. Jordbruket har vore livsnerva i desse bygdesamfunna. Men den største utfordringa for jordbruket er den dårlege lønsemda. Med kun ein innlandmarknad er det ikkje meir å hente korkje på volum eller pris på standardprodukt. Derfor er det utarbeidd eit verdiskapingsprogram som skal stimulere til noko meir spesialproduksjon, bygd på lokale tradisjonar. Vi veit ikkje enda kor godt ein vil lukkast med dette. Det er i allefall ein del flaskehalsar som må ryddast av vegen. M.a. er regelverket og håndhevinga av kontrollen med slik produksjon så byråkratisk og kostbar at det stenger for mang ein god ide. Eit regelverk som i stor grad er styrt av EU sitt regelverk som vi gjennom EØS-avtala er bunde opp til. Men det må vera mogeleg å løse opp i dette. Derfor har eg meldt ein interpellasjon til landbruksministeren, som vil kome opp i Stortinget tysdag, der vi kan få fokus på og ein debatt om dette. Da eg sat i næringskomiteen var eg sjølv med og såg korleis andre land innafor same regelverket har greidd å få dette til.

Når fjellkommunane annonserar etter folk, ser eg at det ofte er lokka med rikeleg tilgang på jakt og fiske. Det seiest at ein ikkje får så mange kvinnelege søkjarar av dette og at det er heilt andre lokkemiddel som må til for å få folk i dag.

Likevel, jakt og fiske er eit gode og ein verdi mange både innbyggjarar og tilreisande set pris på. Ikkje mest som matauke slik det var i tidligare tider, men som ein del av friluftsopplevingane. Eg ser at einskilde politikarar og grunneigarar har teki til ordet for at ein må selja jakt- og fiskerettar til høgstbydande nettop for å utnytte desse resssursane for å skaffe inntekt. Dette vil eg åtvare mot. Det synest for meg kortsiktig tenkt. Skal jakt og fiske berre bli for eit eksklusiv rikmannssjikt, ja så øydelegg ein dette som ein attraksjon for bygdene. Det vil og tirre motstandarane av overføringane til landbruket. Vi skal vera klar over at overføringane til landbruket er mykje grunna i at vi vil ha levande bygder og bosetting i dette landet. Da kan ikkje grunneigarane møte dette med ein provoserande ekskludering av folk flest til jakt og fiske og med eit tiltak som nettop reduserer verdien av å bo i bygdene. Dessuten står allemannsretten for meg som noko av det eg meiner det er verdt å slåss for i politikken. Da får grunneigarar og andre heller tene pengar på å leggje til rette for guiding, overnatting og i det heile pakker som folk som vil og har råd, kan betale for.

Vi retter søkelyset på mogelegheitene i fjelregionen. Men desse mogelegheitene kan ikkje utnyttast om vi lar fjellbygdene avfolkast og dø ut på andre måtar. Alt heng i saman. Skal det bli attraktivt å bo her og vera turist her, må vi ha ein distriktspolitikk som gjer det mogeleg å ha ha eit livskraftig næringsliv, butikkar, offentlege servicefunksjonar, gode kommunikasjonar og andre gode som folk i dag må og vil ha. Eg er derfor usamd i den politiske trenden vi nå ser, med nedbygging av distriktspolitiske verkemiddel som SND, kommunale og regionale næringsfond og fraktutjamningstilskot. Tvert i mot, med den sentraliseringa vi er vitne til, burde vi satse mykje meir på distriktspolitiske verkemiddel og gode kommunikasjonar ut i distrikta. Det ville vera ein politikk som både by og land er tent med. Det ville vera eit godt verkemiddel mot presset på byane. Når etterspørselen etter bolig i Oslo er mykje større enn tilbodet, blir prisane hinsides det som er forsvarleg.

Eg starta med å seie at utfordringa vår var både å utnytte fjellressursen og ta vare på det sårbare økosystemet og artsmangfoldet som fjellnaturen representerer.

Skal vi ta vare på og sikre fjellnaturen både for vår eigen del og som vårt bidrag i internasjonale forpliktelser for å ta vare på det biologiske mangfaldet, må vi verne.

Dette er ikkje problemfritt. Norge har i dag 19 nasjonalparkar, og dei fleste omfattar til dels store fjell-landskap med store vidder og alpine fjellmassiv. Vi finn store nasjonalparkar på Hardangervidda, i Jotunheimen og på Saltfjellet.

Landsplanen for nasjonalparkar tek sikte på å doble talet på nasjonalparkar. I næraste framtid vil Forellhogna nasjonalpark i Sør-Trøndelag bli etablert, og utvidinga av Dovrefjell nasjonalpark med tilhørande landsskapsvernområder ligg og til behandling i departementet.

Dette er som vi har sagt, ressursar og verdiar som er viktige for fjellkommunane, ikkje minst som ein attraksjon og som eit verdifullt rekreasjonsområde for folk i bygda. Men samstundes er det ein båndlegging som hindrar anna utnytting. Det er ein verdi som ein gir både nasjonen og det internasjonale samfunnet. Eg forstår derfor at nokon tek til ordet for at kommunane bør kompenserast for dette på same måten som ved verning av vassdrag. Det er i allefall ein diskusjon som det kan vera grunn til å ta, utan at eg skal konkludere her.

I undersøkjinga om livskvalitet som eg har referert til, svara mange at det fyrst og framst var fred og ro og det å kome ut i frisk natur, folk ønskja seg.

Det trur eg vi skal ta med oss når vi skal diskutera eit aukande miljøproblem i fjellet, motorisert ferdsel i utmark. Ulike aktørar i fjellet har ulike motiv og interessar. Det er kimen til konflikt. Vi må finne ein balanse mellom dei som rettmessig kan ferdast på motoriserte kjøretøy og dei som bruker kroppen sin. Det ligg føre framlegg om ein liberalisering av snøscooterpolitikken. Dette vil eg åtvare og argumentere mot.

Mange av oss dreg til fjells for å finne ein ro og ein stillheit som ikkje er der vi til dagleg ferdast.

Olav Nygard sa det slik:

Til fjells til høgd og vidde, det er min trå
Til topp og tind, or låge lymre dalar
Til fjells der bekken græt og vinden svalar
Der ørnen ror i reine himmelblå.

Eg har tidligare sagt at vi som bygdafolk må vera stolte av fjellet vårt og stolte av den kulturarven vi også ber med oss frå livet i fjellheimen. Vi må halde fram fjellnaturen og kulturminna som ein kvalitet for oss som bor her og for dei som kjem reisande.

Det ligg eit potensiale her som Det Internasjonale Fjellåret kan bidra til at vi ser og utnytter. Konferansa her legg opp til det og la oss i framhalde nytte året godt.