Fjellstyrenes rolle i norsk fjellforvaltning.

Jon Sjurgard

Norges Fjellstyresamband

jsjurg@online.no



94 fjellstyrer forvaltar 27.000 km2 statsallmenning i Norge. Denne artikkelen gjev ei innføring i den historiske bakgrunnen og dei juridiske rammene for fjellstyras verksemd, samt dei oppgåver og funksjoner fjellstyra har i dag.

Historie

Fjellova av 1975 eller "Lov om utnytting av rettar og lunnende mm. statsallmenningane " er styringsverktyet til fjellstyra. I Fjellovas § 3 står det I kvar kommune der det er statsallmenning skal det være fjellstyre. ..Fjellstyret skal administrere bruken og rettar og lunnende (herlegheiter) i statsallmenning så langt ikkje anna er fastlagt i eller medhald av lov.

Fjellstyret skal arbeide for å sikre at allmenningen vert brukt på ein måte som fremjar næringslivet i bygda og tek vare på naturvern og friluftsinteressene.

Fjellstyra er juridisk sjølvstendige forvaltningsorgan. Dei har normalt 5 medlemmer som vert valgt av kommunestyret. Minst 2 medlemmer skal ha allmenningsrett som jordbrukarar, alternativt representantar frå reindriftsnæringa. Det er tilsaman 94 fjellstyrer med ulik storleik, fleire kommuner har over 50% statsallmenning av totalarealet.

Statsallmenningane ligg i Sør- og Midt-Norge, og har eit areal på 27 mill dekar, d.v.s. ca 11% av landets utmarksareal og omfattar mange store, sentrale fjellområder. Alle nasjonalparker i Sør-Norge ligg heilt/delvis i statsallmenning. Det er staten som har eigedomsretten og Statskog SF administrerar grunneigarretten.

Det er lang historie knytt til statsallmenningane og bruksrettane her er lovfesta i våre eldste lover, både i Gulatingslova, Frostatingslova og i Magnus Lagabøtes landslov. På 1600/1700 vart alt som ingen eig lagt under Kongen.

Det var først på førre århundret at det vart sett fart i å ordne med rettsforholda i statsallmenningane. Det gjaldt både med omsyn til grenser, eigedomsrett og bruksrettar. Høgfjellskommisjonen vart oppretta i 1908. Kommisjonens hovedoppgave var med bindande verknad å fastsette grensene mellom statens grunn og tilstøytande grunnarealer og avseia dom i saker mellom det offentlege og dei som gjorde krav på eigedomsrett, bruksrett eller andre rettar til grunn. Fjellova kom i 1920. Bakgrunn for fjellova var å skaffe fjellbygdene større rådigheit og derigjennom større inntekter både ved eige bruk og bortleige av høgfjellet.

Det er Landbruksdepartementet som er forvaltningsmydigheit etter fjellova. Det meste er delegert til Statskog SF, som også forvaltar statens grunneigarettar. Miljødepartementet er forvaltingsmyndigheit for Fjellovas kapittel om jakt og fiske, som i stor grad er delegert til Direktoratet for naturforvaltning. Fjellstyra forvaltar bruksrettar og herlegheiter som ikkje er lagt til andre. Allmenningsstyra forvaltar bruksretten til trevirke.

Jordbrukstilknytta rettar

Bruksrettens innhald er ikkje fastlagt i lova men etter lang tids bruk. Innhaldet i bruksrettane kan variere geografisk og skal utnyttast i samsvar med rajonell bruk i samsvar med tida og tilhøve. Sæter og beite er dei viktigaste bruksrettane.

Jakt og fiske

Alle som er busett i Norge har lik rett til fiske med handsnøre og jakt utan hund i statsallmenningane. Dersom det er behov for å innføre begrensningar skal fjellstyret sørge for at det er rimeleg fordeling mellom utan- og innanbygdsbuande. Når det gjeld småviltjakt med hund og reinsjakt, er det opp til fjellstyret om dei vil gje løyve til slik jakt til alle som er busett i Norge eller om dette skal prioriterast dei som er busett i området der allmenningen ligg.
Det er også opp til fjellstyret om utanbydsbuande kan få fiske med oter og fastståande reiskap.

Direktoratet for naturforvaltning gjev forskrift om prisrammer og korttyper som skal vera tilgjengeleg i statsallmenning. Allemannsretten her er sikra gjennom låge prisar og det er høve til å ta lågare prisar av innanbygdsbuande. Rettar til jakt og fiske har stor interesse og stor betydning for mange. Det er stort forsvar lokalt for intensjonane i fjellova om jakt og fiske. Det er stor aksept elles i samfunnet om dette og for at fjellstyra gjer godt arbeid i forvaltninga her. Fjellstyra sel årleg ca. 50.000 fiskekort og i overkant av 20.000 småviltkort.

Jakt på elg, hjort, rådyr, bever og gaupe i statsallmenningane vert i dag administrert av Statskog SF, mens inntektene går til fjellstyra. Det vert arbeidd med å leggja denne forvaltninga til fjellstyra slik at dei får ansvaret for all jakt og fiskeforvaltning i sine områder.

Anna tilrettelegging

Mange fjellstyre gjev ut samla informasjon over tilboda i statsallmenning, både når det gjeld jakt, fiske, overnattingsmoglegheit, båtutleige, m.m. Dei har gjort stor innsats ved å restaurere både gamle steinbuer og andre buer, i tillegg til at dei har byggt nye buer til bruk for oppsyn, tilsyn med beitedyr og for utleige /lån for friluftslivsamanheng. Fjellstyra gjer også ein stor innsats for å rekrutere yngre til å koma ut i naturen. Det vert gjort ved eigne arrangement eller i samarbeid med lokal jeger og fiskarforeining og ved samarbeid med skolar og barnehagar m.m.

Oppsyn

Fjelloppsynet, som er fjellstyras oppsyn, er grunnstamma av profesjonelt naturoppsyn i Sør- og Midt-Norge. Fjelloppsynet er daglege ledere for sine fjellstyre og har ansvar for administrasjon og sakshandsaming innanfor fjellstyra sitt saksområde. Fjelloppsynet skal gjennom informasjon, overvåking, kontroll og aktiv skjødsel og tilrettelegging arbeide for at statsallmenningane vert brukt på ein slik måte at naturens mangfald og bæreevne vert teke ivare/forbetra..

Over 80% av arealet vert dekt av fast tilsatt oppsyn som tilsvarer ca. 50 årsverk. Fjellstyra har rett på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene til godkjente oppsynsordninger frå staten. Fjelloppsynet har gode samarbeidsorninger med SNO og politiet.

Økonomi

I tillegg til inntekter frå jakt og fiske så har fjellstyra festeinntekter. Dei har 50% av festeavgiftene frå hytter og hotell, lønnsrefusjon frå Staten, beiteleige bl.a. frå tamrein utanom reinbeitedistrikt, hytteutleige, salg av tjenester til andre og erstatninger frå kraftutbygging m.m.

Det er fastsett i Fjellova at eit eventuellt overskot utover det som går til drift av fjellstyret skal nyttast til tiltak i statsallmenningen og til tiltak for å styrke næringsgrunnlaget i allmenningsbygdene. Er det da att noko så kan det nyttast til allmennnyttige formål.

Fjellstyra har hittil ikkje vore særleg opptekne av å drive eige næringsverksemd utover det som er primæroppgavene. Dei er meir opptekne av at den tilrettelegginga dei gjer og at dei tilskota dei gjev kan koma dei næringsdrivande i kommunen til gode.

Verknad av å ha statsallmenning

Ein er sikra ei folkevalgt lokal forvaltning i desse bygdene. Utnytting av statsallmenningane har stor verknad for å halda oppe levedyktige bygdesamfunn. Jordbruket må få høve til å utnytte bruksretten i samsvar med rasjonell bruk i samsvar med det som er naturleg for å finne inntektsgrunnlag for å styrke grunnlaget for gardsbruka og busetting i framtida.

Jakt, fiske og friluftstilboda i statsallmenning er ofte avgjerande for at det kjem nye innbyggjarar og har stor tyding for busettinga. Foredlingsgraden er også stor på desse områda og får dermed stor ringverknad for næringslivet.

I statsallmenning skal alle inntekter primært gå attende til allmenningsbygdene. Statskog SF er grunneigarforvaltar etter §12 i fjellova. Fjellstyra får 50% av festeavgiftene frå hytter og hotell, resten av inntektene frå grunneigarforvaltninga går til Grunneigarfondet. Fondet vert forvalta av Statskog SF i samråd med Norges Fjellstyresamband. Fondet skal nyttast til administrasjon av statsallmenningane og til tiltak i statsallmenningane og tilskot til drift av Norges Fjellstyresamband. Fondet er nå på ca. 40 mill. Tilskot til tiltak vert fordelt med bakgrunn i søknad etter utarbeidde kriteriar.

Norges Fjellstyresamband

Norges Fjellstyresamband er ein frivillig medlemsorganisasjon som arbeider for å ivareta fjellstyra sine interesser. Alle fjellstyra er tilslutta organisasjonen.