Sentralt regelverk og lokal tilpassing
|
Sunniva Skålnes |
Kautokeino - det konkrete utgangspunktet
I folketal er Kautokeino ein liten kommune, rundt 3000 innbyggjarar,
men stor i areal med innpå 10000 km2. Staten, gjennom føretaket
Statskog SF, står som grunneigar for over 95 % av dette arealet.
Folkesetnaden er ung. Ved tusenårsskiftet var 62 % av innbyggjarane
i kommunen under 40 år, og dette var faktisk "forgubbing"
i høve til ti år tidlegare, då det tilsvarande talet
var 68 %. Landsgjennomsnittet for denne aldersgruppa ved tusenårsskiftet
var på vel 54 % (Kilde: SSB).
Kautokeino er eit næringsblanda samfunn, med ein stor del offentlege
arbeidsplassar innanfor utdanning på ulike nivå, frå
grunnskule til vidaregåande skule og høgskule med hovudvekt
på samisk lærarutdanning. Vidare finst ei rekkje arbeidsplassar
innan forsking og administrasjon, i tillegg til eit fast teater. Slik
har Kautokeino innslag av yrkesgrupper som er heller uvanlege i ein
kommune på denne storleiken.
Det som likevel kjenneteiknar kommunen, er det store innslaget av reindrift.
Heile 19 % av folkesetnaden høyrer til primærnæringane,
som i praksis betyr reindrift i denne samanhangen. Landsgjennomsnittet
for gruppa som høyrer til innan primærnæringane er
på 4 %. Reindrifta er altså viktig som inntektskjelde, men
kanskje vel så viktig som kulturberar. Begge delar er avgjerande
i den lokale arealforvaltinga. Men også andre næringstilpassingar,
som til dømes utmarksnæringar som jakt, fiske og handverk
blir sedde på som viktige samiske kulturberarar, noko som gjev
eit signal om at omgrepet samisk ikkje er eintydig i plansamanhang.
Arbeidsløysa har i den siste tiårsperioden vore høg,
over ti prosent, til tider opp mot det doble.
Det er særleg menn mellom 30 og 55 år med låg utdanning
som er å finna i denne gruppa. Kvinnene i Kautokeino, som er i
mindretal her som i mange bygdekommunar, er meir aktive på arbeidsmarknaden,
aktive når det gjeld å ta utdanning - og også leiande
når det gjeld inntekt. Gjennomsnittleg inntekt for kvinner i Kautokeino
ligg om lag på landsgjennomsnittet for kvinner, medan mennene
i Kautokeino tener dårlegare enn kvinnene lokalt (ca kr. 10 000,-mindre)
og har dermed ei inntekt som tilsvarar halvdelen av landsgjennomsnittet
for menn (www.ssb.bruttoinntekt).
Byggeaktiviteten i store delar av 1990-talet var høg med mellom
25 og 50 nye husvære årleg heilt fram til 1998, då
byggeaktiviteten brått minka til sju hus i året.
Den store utbygginga av bustadhus kan dels forklarast med ein ung folkesetnad,
dels med eit visst etterslep i bustadbygginga. I tillegg ligg ein del
av forklaringa i den lokale butradisjonen og dei særlege vanskane
med bustadreising i heile etterkrigstida, noko som gav seg det utslaget
at Kautokeino enno på 1980-talet hadde innslag av det Husbanken
kallar "trangboddhet." Flytting frå overfylte fleirgenerasjonshus
til større einebustader var ein del av årsakene til den
store utbygginga også på 1990-talet. At kommunen stilte
med god tilgang på byggeklare tomter i heile perioden, styrkte
denne tendensen.
Den høge byggeaktiviteten skilde kommunen frå dei fleste
andre kommunane i Finnmark. Kautokeino opplevde vekst ikkje berre i
bustadbygginga, men også i folketalet på store delar av
1990-talet. Denne veksten flata ut på slutten av tiåret.
Dei siste åra har kommunen opplevd ein svak nedgang i folketalet.
Bustadbygginga har også vore lågare, med fire-fem hus ferdigstilte
hus årleg.
Eit anna viktig trekk ved Kautokeino er den sterke stillinga tradisjonen
har som styringsinstrument, som grunngjeving og som utgangspunkt for
mange, anten det gjeld diskusjonar om tomteutforming, tilgang på
vidda, namneskikk eller heilt andre saker. I samband med arealplanlegging
og husbygging kan den lokale tradisjonen knytast til den nære
nomadiske livsforma, den korte trehustradisjonen og den utstrekte bruken
av utmark og vidde. På den andre side kan det sterke statlege
engasjementet innan planlegging og bustadreising i heile etterkrigstida
i Kautokeino forklara delar av det lokale handlingsmønsteret
også på 1990-talet.
Men tradisjonen står ikkje åleine. Parallelt med denne spelar
det moderne ei like så viktig rolle. Eit kjenneteikn ved Kautokeino
er det praktiske haldninga folk møter nyvinningar med. Kan det
nye brukast og tilpassast det tradisjonelle, vert det teke i bruk, omforma
og gjort til noko eige som fungerer der det skal. Slik blir nye tankar
og nye ting ikkje noko skremmande, men noko som blir prøvd ut
i praksis. Både tradisjon og modernitet formar altså samfunnet
og pregar diskusjonane om arealforvaltinga.
Arealplanlegging på vidda
Kva var så dei viktigaste arealplanoppgåvene i denne store
viddekommunen med veksande folketal på 1990-talet? Det kan kort
oppsummerast i dette:
Desse arealavklaringane vart gjorde gjennom dei vanlege plantypane
som er heimla i plan- og bygningslova. Den første arealdelen
som omfatta heile kommunen, vart godkjend i 1992, kommunedelplanen for
bygda Kautokeino året etter. Seinare kom kommunedelplanen for
bygda Máze, deretter ei rekkje regulerings- og bebyggelsesplanar,
hovudsakleg i bygda Kautokeino, før rullering av arealdelen som
starta seinhaustes 1998 og strekte seg fram til 2000 - og som enno ikkje
formelt sett er godkjend.
Ulike former for medverknad med dei planane vart laga for, bygdefolket,
vart prøvde utan å lykkast heilt. Samspelet mellom planleggjarane,
både på det administrative og politiske nivået, og
bygdefolket bar meir preg av einvegskommunikasjon enn av reell medverknad.
Siktemålet med arealplanarbeidet
Kommunen sitt uttrykte siktemål med arealplanarbeidet er formulert
i dei ulike planane og diskutert i samband med den politiske handsaminga
av desse. I store trekk er dette ei oppfølging og konkretisering
av dei generelle og overordna målformuleringane som ligg til grunn
for sentrale lover og regelverk. Men tilpassing til den lokale situasjonen
finst. Mellom anna ber dei uttrykte målsetjingane for planarbeidet
preg av at det er heller nytt i kommunen at arealdelen skal vera eit
politisk styringsverktøy.
Dei konkrete målsetjingane omfatta mellom anna sikring av dei
store naturområda og sikring av viktige næringar. Når
det galdt viktige lokale næringar var reindriftsnæringa
med sin store arealbruk i ei særstilling. Vidare vart det i målsetjingane
uttrykt eit ynskje om å styrkja bustadreisinga. Desse målsetjingane
viser alle eit nøkternt og konkret utgangspunkt, og dei var såleis
til ein viss grad mulege å få gjennomført.
Til grunn for heile arealplanarbeidet låg ei tru på planlegging
som politisk reiskap i utviklinga av lokalsamfunnet. Samstundes låg
det, særleg frå administrasjonen si side, nedfelt ei forventing
om ei konsekvent og prinsipiell haldning frå dei som skulle handheva
planane i praksis, altså frå det lokale politiske nivået.
Det lokale forvaltingsgrunnlaget
Kommunestyret er den øvste planstyresmakta lokalt og er gjennom
plan- og bygningslova gjeve ei vid fullmakt til å disponera over
areal og ressursar i eigen kommune. I Kautokeino er kommunestyret sett
saman av 19 representantar utan noka politisk gruppering med eit klart
fleirtal. Frå 1996 til 1999 var til dømes 11 parti eller
politiske samanslutningar representerte i kommunestyret, den neste fireårsperioden
var dette talet minka til ni. Av dette var fem lokale avdelingar av
landsomfattande politiske parti, medan resten utgjorde grupperingar
som hadde rot i lokal kultur og næringstilpassing. Det seier seg
sjølv at dette gav ein fleirtalskoalisjon med eit uklart politisk
innhald.
Viktige skiljeliner skriv seg heller ikkje frå kva parti den enkelte
tilhøyrer, men heller frå kor dei aktuelle politikarane
plasserer seg i høve til reindrift eller fastbuande (dálonat).
Skilje mellom desse to gruppene går historisk sett på næringstilknyting,
dels på tilknyting til slekt.
Lokal næring og sektorstyresmakt
Reindrift har tradisjonelt vore den største næringa i Kautokeino,
den har hatt styrke og status lokalt, og utover vore den næringstilpassinga
som klarast har stått som symbol for det samiske. Også i
dag blir reindrifta trekt fram som ein viktig kulturberar. Dei siste
10-15 åra har denne næringa i Kautokeino vore på vikande
front, særleg dersom ein definerer reindrift som dei som er knytte
til næringa i form av fullt arbeid og einaste inntekt. Men omgrepet
tilknyting femnar langt vidare enn dette, og signaliserer ei kulturell
tilknyting som enno i dag er sterk og såleis har mykje å
seia også for offentleg forvalting og for den lokalpolitiske kvardagen
i Kautokeino.
Gjennom at reindrifta er definert som ei næring, sikra gjennom
særlov, har den oppnådd tilgang til og sikring av eigne
interesser på vidda i eit omfang som den andre lokale næringstilpassinga,
utmarksnæringa, ikkje har. Lov om reindrift sikrar beitegrunnlaget,
anna bruksareal og rett til ferdsel på vidda - også motorisert
ferdsel. Dei som arbeider innan reindriftsnæringa er ikkje avhengige
av å følgja dei merka løypene som er opne for skutertrafikk.
Dei er heller ikkje avhengige av å søkja dispensasjon,
men kan kjøra fritt der drifta gjer det nødvendig. Sist,
men ikkje minst - reindrifta er ein viktig høyringspart i alt
planarbeid innanfor deira område. Som sektorstyresmakt har reindrifta
også rett til å fremja motsegner i arealplansaker.
Lokalt i Kautokeino er reindrifta representert i kommunestyret og andre
politiske råd og utval gjennom den politiske grupperinga Guovdageainnu
Johtisápmela??aid Listu, Kautokeino flyttsameliste. I fleire
periodar tidlegare var to reindriftslister representerte i kommunestyret.
Flyttsamelista er ikkje representert i koalisjonen som har fleirtalet
i Kautokeino kommunestyre i dag.
Reindrifta er såleis på ei og same tid den viktigaste næringsvegen
i kommunen, den klaraste kulturberaren, ei sterk sektorstyresmakt og
eit politisk parti.
Lokal næringsinteresse utan sikring i lovverket
For den andre lokale grupperinga, dálonat, stiller det seg annleis.
Tradisjonelt har dei såkalla fastbuande i Kautokeino levd av ulike
næringskombinasjonar. Hausting frå utmark som molteplukking
, fiske og jakt har vore eit vesentleg tilskot til det samla innkommet
i familien. Aktiv bruk av vidda har slik skapt tett tilknyting til denne.
Det er også denne tilknytinga som er opphavet til omgrepet kulturbasert
hausting. Omgrepet har vunne innpass i løpet av dei siste 10-15
åra og har vist seg føremålstenleg både i lokale
politiske diskusjonar og diskusjonar med overordna styresmakter om rett
til tilgang og bruk av vidda. Omgrepet kulturbasert hausting blir i
Kautokeino brukt om hausting av utmarksprodukt som sik og røye,
bær, and, rype og elg og ved, lav og anna innhausting. Innhaustinga
går føre seg store delar av året, og utgjer for enkelte
familiar eit viktig tilskot til hushaldet. For andre derimot har det
meir preg av tradisjonelt friluftsliv, tilskotet til familieøkonomien
har mindre å seia. Sams for dei fleste er den sterke tilknytinga
til vidda og til område dei ferdast i som born.
Med auka press på vidda, med oppretting av løyper for motorisert
ferdsel og med reindrifta si mulighet for å stengja løyper
i tider av året opplever mange som definerer seg som fastbuande
som om dei er blitt stengde ute frå hevdvunne rettar på
vidda. Enkelte av desse har organisert seg i den politiske grupperinga
Guovdageainnu Dáloniid Searvi eller Kautokeino fastbuandes forretning,
og talar denne gruppa si sak i kommunestyret og på Sametinget.
Det handlar om rett til å ferdast på og hausta av vidda,
ein rett som særleg blir aktualisert i samband med motorisert
ferdsel - ei sak som på mange måtar har blitt ståande
som eit symbol for dei fastbuande sin rett til gamle bruksområde
på vidda. Den lokale politiske motsetnaden handlar likevel om
meir enn motorferdsel. Det handlar om rett til gamle, hevdvunne område,
det handlar om å bli sett på som likeverdig med den andre
store brukaren av vidda, reindriftsnæringa. Så handlar det
også om ny teknologi, om betre økonomi og dårlegare
tid, og gjerne også eit anna syn på naturen enn før.
Å ta i bruk språket i politisk samanhang, slik dálonat
har gjort i samband med omgrepet kulturbasert hausting, har vist seg
som eit effektivt våpen i kampen om tilgang til vidda. Kulturbasert
hausting er ei viktig årsak til motorferdsel på dei opne
løypene på vidda både på sommars- og vinterstid.
Det blir også sett på som særleg grunn for å
dispensera i høve til motorferdsel, både når det
gjeld skutertrafikk og kjøring med 4-hjuling på berr mark.
I praksis utløyser dette omgrepet mange hundre dispensasjonar
for motorferdsel årleg.
Fleirtalet i kommunestyret i Kautokeino var i siste valperiode (1999-2003)
sett saman av ein koalisjon der Guovdageainnu Dáloniid Searvi
hadde ei sentral stilling. Grupperinga er også representert i
det nye kommunestyret. Men dálonat har inga lov som sikrar deira
rettar, dei kan uttala seg i arealplansaker, men har ingen rett til
å fremja motsegner, og dei er heller ingen fast høyringspart
i enkeltsaker. I sist kommunestyreperiode (1999-2003) hadde dálonat
likevel ei sterk stilling i forvalting av utmarka i kommunen som medlem
i koalisjonen som sat i posisjon både i kommunestyret, formannskapet
og det politiske organet som først og fremst forvalta utmarkssaker:
utmarksstyret.
Plan og praksis
Arealplanar i praktisk bruk er forvalting av grunn og ressursar i kommunen.
Samstundes kan den praktiske bruken av planane lesast som ei evaluering
av dei same planane. Raskare enn noka ekstern evaluering fortel planen
i bruk om den er eit godt svar på dei problemstillingane den skulle
løysa. Kva fortel så dei daglege erfaringane frå
Kautokeino om det kommunale arealplanarbeidet det siste tiåret?
Hovudtrekka ligg fast
Ein gjennomgang av arealplanane frå det siste tiåret fortel
at hovudtrekka i dei vedtekne planane, og dermed i den kommunale arealforvaltinga
ligg fast. Dei mange dispensasjonane har ikkje i vesentleg grad endra
det. Til dømes har den store bustadbygginga i denne perioden
skjedd som føresett i planane. Tilgang på godkjende planar
har vidare ført til enklare sakshandsaming, og letta byggesakene
både for kommunen og for dei private utbyggjarane. Arealplanen
har vidare i hovudsak sikra grensene mellom utbyggings-områda
og vidda, noko som igjen har skapt tryggare rammer for reindrifta
Reindrifta og den sterke tilknytinga til vidda og utmarka, saman med
tette familieband har lagt klare føringar for utviklinga av busetnadsmønsteret
og forming av bustaden i Kautokeino. Bygda Kautokeino har ein spreidd
busetnad. Som øyar i eit ope landskap ligg husklyngjene med store
grøntområde rundt seg. Denne spreidde karakteren med mykje
fellesareal mellom dei private tomtene gjev rom for eit anna viktig
tilhøve: enkel tilgjenge med motorkjøretøy frå
dei ulike tomtene til vidda.
Dette er dei overordna trekka, trekk som gjer at planlegginga framstår
på den eine sida som i strid med overordna signal, på den
andre sida som tilpassa lokale tilhøve. Slik kan planlegginga
lesast som meiningsfull og vellukka, sett frå det kommunale, administrative
nivået, til dels også frå politikarane si side. For
den enkelte tomtesøkjaren eller tiltakshavaren si side kan bilete
ha tedd seg annleis. Dei mange dispensasjonssøknadene i samband
med bustadbygging på 1990-talet kan tyda på det.
Dispensasjonar og endringar
Overordna planstyresmakter som fylkeskommunen, miljøvernavdelinga
hjå fylkesmannen og statens vegvesen er alle viktige samarbeidspartnerar
i den kommunale arealplanlegginga. Fleire gonger i løpet av 1990-talet
kom desse partane med melding til Kautokeino kommune om misnøye
med kommunen si handtering av eigne godkjende arealplanar. Kommunen
brukte ikkje arealdelen som eit aktivt styringsreiskap, men dispenserte
i så stort omfang at sektorstyresmaktene stilte spørsmål
om ikkje dette var alvorlege brot med intensjonane i kommunen sitt eige
planarbeid.
To ulike typar dispensasjonssøknader kan gje innblikk i den lokale
praksisen i samband med arealforvalting. Den første typen gjeld
dispensasjon frå vedtekne arealplanar og omfattar i hovudsak søknader
om bygging utanfor regulerte område.
Den andre gruppa av dispensasjonssøknader gjeld bruk av og tilgang
til vidda, eller LNF-områda. . Desse dispensasjonane gjeld søknader
om bygging av hytter eller gammer i desse områda. Utfallet av
dispensasjonssøknadene blir dels avgjort ut frå gjeldande
arealplanar, dels ut frå grunneigarens, Statskog SF, sin bruk
av jordsalslova . Slike søknader var det likevel få av
- dei aller fleste dispensasjonssakene på vidda galdt søknader
om løyve til motorisert ferdsel langs ferdavegar og trakk der
slik ferdsel ikkje er tillate etter særlov.
Motorisert ferdsel i utmark blir ikkje forvalta etter plan- og bygningslova,
men etter eiga særlov, Lov om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag.
Eg vel likevel å diskutera motorferdsel ut frå eit arealforvaltingsperspektiv.
Det gjer eg fordi denne ferdselen faktisk har mykje å seia for
bruk og vern av vidda, noko kommunen opplever i daglege forvaltingssaker,
og, som det statlege forsøket om motorferdsel som Kautokeino
er med på, også understrekar.
Lokale problemstillingar og lokalt verdigrunnlag
Desse to områda som har utløyst dei mange dispensasjonssøknadene
er samstundes område der det lokale verdigrunnlaget sterkast kjem
til uttrykk i arealforvaltinga. Eller sagt på ein annan måte:
lokalt i Kautokeino dreia dette seg om sentrale problemstillingar som
ikkje var godt nok ivaretekne i kommunen sine arealplanar.
Eit tilpassa busetnadsmønster og ein bustad heime hjå
mor
I perioden frå den første arealdelen vart godkjend i slutten
av 1992 og fem år framover gav kommunen dispensasjon i rundt rekna
100 enkeltsaker. Desse søknadene galdt i store trekk bustadbygging
utanfor regulerte område, i tillegg til enkelte søknader
om hytte- og gammebygging. Fylkeskommunen reagerte på dette store
talet, og viste til at kommunen med ein slik praksis braut med føresetnaden
i den godkjende planen og førte ei lite forutseibar planlegging.
Den sterke vektlegginga på private omsyn førte til tilsvarande
lite omsyn til ålmenta sine krav.
Ein del av bakgrunnen for dei mange søknadene i samband med bustadbygging
i Kautokeino det siste tiåret er eit ynskje om å byggja
i tilknyting til slekta - og gjerne også ei viss frykt for at
andre, framande, skal busetja seg i "familien sitt område".
Ei undersøking av busetnadsmønsteret i Kautokeino på
1990-talet konkluderer med at storparten av dei som bygde hus ynskte
å byggja slik (Skålnes 2003). Å byggja på familietunet
var å busetja seg i eit kjent og trygt miljø, det var praktisk
i høve til arbeid, til å få hjelp og gje hjelp, det
gav gode oppvekstvilkår for borna og ein trygg alderdom for besteforeldra
og, ikkje minst, det var ein buplass som sikra gode naboar. Dette var
også eit busetnadsmønster som var kjent og svært
utbreidt i bygda, anten det vart kalla siida eller tradisjonell samisk
busetnadsmåte.
Tomtestorleiken var eit anna vesentleg punkt. Tomtene skulle vera store,
frå 1,5 dekar og opp mot 3-4 dekar, avhengig av næringstilknyting.
Tilknyting til reindrift eller til andre næringar der det var
naturleg å kombinera bu- og arbeidsplass, utløyste større
tomter enn det som vart rekna som standard. Desse tilpassingane skjedde
gjennom vedtekne planar eller i form av dispensasjonar. Over halvparten
av arealet som vart lagt til rette for bustadtomter på 1990-talet,
var såleis ulike former for tilpassa tomter.
Enkel tilgang på vidda var viktig for alle. Dette var med og prega
busetnadsmønsteret. Store, opne korridorar frå sentrum
av bygda og ut til vidda var ein del av dette mønsteret.
Kva førte så denne planlegginga til? Kva krefter vart styrkte
og kva vart svekte i denne tilpassinga?
For det første, den sterke tilpassinga til lokale tilhøve
heldt oppe og styrkte det tradisjonelle busetnadsmønsteret med
utgangspunkt i slektsgrupper. Busetnadsmønsteret bygde opp om
og heldt vedlike lokal tradisjon, samstundes som det skapte eit trygt
sosialt miljø i bygda.
Ulempene med eit slikt busetnadsmønster var at det, i alle fall
på kort sikt, var arealkrevjande og dyrt for kommunen å
byggja ut. I tillegg var det eit mønster som var basert på
bilen som framkomstmiddel. Store avstandar i bygda førte til
eit bilbasert samfunn med stadig aukande trafikk.
Statens vegvesen var ei av sektorstyresmaktene som peika på denne
ulempa. Både vegvesenet, fylkeskommunen og miljøvernavdelinga
hos fylkesmannen viste i tillegg til at ålmenne interesser vart
svekte ved denne utbyggingsforma. Når kommunen dispenserte i stor
stil og strekte busetnadsmønsteret i alle retningar, tok dei
i liten grad omsyn til trafikkmønsteret eller til å setja
ei klar grense mellom utbyggingsområde og grøne område.
For innflyttarar, anten dei kom frå nært eller fjernt, kunne
det sterke slektsmønsteret til tider verka ekskluderande og i
praksis føra til at delar av dei regulerte bustadfelta vart einaste
valet for denne gruppa.
Motorferdsel og kulturbasert hausting
Kommunen sin praksis med å tøya lov om motorferdsel vel
langt vart gjort ut frå lokale omsyn. Lokalt i Kautokeino eksisterer
det ei sterk haldning som seier at alle innbyggjarane i kommunen , uansett
tilknyting til reindrifta, skal ha rett til å ferdast på
vidda. Denne retten inneber rett til motorisert ferdsel - å ferdast
på vidda blir lokalt i Kautokeino gjerne framstilt som å
ferdast med motorkjøretøy.
Kven var det så som skulle takast omsyn til, og kva lokale interesser
var det som tente på dette?
Storparten av dispensasjonane vart gjorde med bakgrunn i kulturbasert
hausting. Den lokale praksisen med å gje løyve til motorferdsel
utanom dei faste løypene sikra at flest muleg av bygdefolket
fekk dra til "sine" område, og slik delvis kunna føra
vidare tradisjonen frå barndommen i ein travel kvardag som ikkje
gav rom for vekeslange turar på vidda. Med motorkjøretøy
og ei romsleg haldning frå dei som forvalta politikken kunne dette
la seg gjera.
Dispensasjonssøknaden, både for snøskuter, men særleg
for 4-hjuling, viser ei sterk overvekt av mannlege søkjarar.
Observasjonar frå vidda tyder på det same. Det er altså
vaksne menn på fiske- og bærtur, på elgjakt og snarefangst
som først og fremst dreg nytte av den enkle tilgangen til vidda.
Slik kan dei kombinera det beste frå det tradisjonelle livet på
vidda med det moderne - som også har klåre innslag av friluftsliv
og leik med hestekreftene.
Men kvinner og born er ikkje heilt borte frå livet på vidda.
Motorkjøretøy blir mange gonger brukte som argument for
og forklaring på dei mange haustingsturane med rasting og bålbrenning
ved breidda av det gode fiskevatnet. Slik sikrar motorferdselen fine
naturopplevingar på vidda for heile familien.
Det store innslaget av motorisert ferdsel på vidda, som også
omfattar kjøring etter opne løyper, er likevel ikkje berre
til føremon for korkje lokale eller sentrale interesser. På
same tid som dispensasjonskjøring for å hausta i "familien
sine eigne område" av enkelte blir sett på som noko
som styrkjer tradisjonell bruk av vidda, ser andre at motorisert ferdsel
gjer det motsette. Den enkle tilgangen til vidda gjer at kven som helst
kan dra kor som helst og hausta - og gjer det. Respekten for tradisjon
og hevdvunne rettar til haustingsområde blir slik brotne ned,
og gjer at stadig fleire må dra stadig lengre, - til nye vatn
som ikkje er "utfiska" og nye leirplassar som ikkje er "oppbrukte".
Reindriftsnæringa er dei som lokalt protesterer sterkast på
den sterke auken i motorferdsel på vidda. Det er først
og fremst kommunen si romslege haldning til å gje dispensasjonar
til kjøring på berr mark som vekkjer protestar. Kjøring
på eit sårbart beiteland øydelegg for ei næring
som frå før er pressa frå mange kantar. Reindriftsnæringa
ser heller ikkje kulturbasert hausting som næring, men som ein
friluftsaktivitet for folk i fast arbeid. Argumentasjonen lokalt er
såleis ein diskusjon om livsform og rettar knytte til det.
Sentrale styresmakter, med fylkesmannen sin miljøvernavdeling
i spissen reagerer sterkt på Kautokeino kommune si liberale haldning
til motorferdsel på vidda. Det same gjer Norges naturvernforbund.
Begge partar er uroa over kva følgjer denne praksisen har for
naturgrunnlaget, for faunaen og for muligheten til framleis å
kunna oppleva område utan nemnande inngrep på vidda. Kommunen
sin praksis kan heilt klart gje grunn til ei slik uro. Men samstundes
er mangelen på dokumentasjon og registrering av tilstanden eit
alvorleg hinder for å forma ein berekraftig politikk for forvalting
av vidda.
Ulike styringsprinsipp - plan og omvegar
Med tanke på dei mange dispensasjonane frå vedtekne planar
er det er lett å oppsummera arealplanarbeidet i Kautokeino som
mindre vellukka, både med tanke på prosessen, på det
ferdige produktet - og ikkje minst på forvaltinga av planprodukta.
Men dette er berre halve sanninga. Sjølv om mykje mislukkast,
kan kommunen sitt planarbeid også oppsummerast som vellukka -
innanfor dei rammene planarbeidet går føre seg. Eg skal
prøva å forklara kva eg meiner med dette. For det første:
Ein viktig føresetnad for at planlegging skal lukkast, er felles
premissar, at det er samsvar i grunnhaldninga hjå dei som lagar
planverket og dei som skal leva med følgjene av det, og at lovverket
og planarbeidet byggjer på haldningar og syn som er rådande
i det samfunnet planen blir laga for.
Sentrale føresetnader
Grunnlaget for arealplanarbeidet - og dermed i store trekk for oss som
arbeider med planlegging, er mellom anna uttrykt i føremålsparagrafen
til plan- og bygningslova. Her er oversyn, forutseibarhet og omsyn til
ålmenta og til enkeltmennesket understreka, og desse omsyna skal
takast vare på gjennom kommunale planar.
Vidare skal det vera samsvar mellom overordna planar, som sektorplanar
og fylkesplan, og det kommunale planarbeidet. Det er for eksempel dette
fylkeskommunen, fylkesmannen og vegkontoret viser til når dei
alle uttrykkjer misnøye med kommunen sitt utbyggingsmønster.
Overordna prinsipp, som til dømes samordna plan for areal- og
transport, tilseier fortetting og konsentrasjon sentralt i tettstaden,
kommunen svarar med å strekkja busetnaden i alle retningar. Lov
om motorferdsel seier at motorisert ferdsel i utmark i utgangspunktet
er forbode, og opnar berre for eit avgrensa utval av nyttekjøring.
Kautokeino kommune definerer sine eigne omgrep for "særlege
grunnar" for dispensasjonar, og oppnår med det å kunna
føra ein dispensasjonspolitikk som favoriserer kommunen sine
eigne innbyggjarar til ein heller fri ferdsel på vidda.
Det lokale svaret
Men kva er det eigentleg kommunen gjer? Jo, desse arealplanprosessane
viser først og fremst at kommunepolitikarane i Kautokeino har
eit anna verdigrunnlag - og andre haldningar, enn det som ligg til grunn
for lovverket.. Det lokale synet kan lesast slik: Ein plan kan vera
eit greitt utgangspunkt, og kan såleis trekkja opp dei store linene,
men å ha oversyn og vera forutseibar er kanskje mindre viktig
enn det å vera fleksibel. Og fleksibel er ein gjennom dispensasjonar.
Då kan ein tilpassa undervegs og ta omsyn til enkeltmennesket
- stundom i større grad enn til ålmenta, - fordi det kan
opplevast som nødvendig i den lokale situasjonen.
Planarbeidet avdekkar vidare ulike syn lokalt og sentralt, til dømes
på viktige spørsmål som busetnadsmønster og
lokalisering av nye tomter. Det sentrale synet tilseier fortetting -
og det finst mange gode argument for eit slik standpunkt. Lokalt er
det ynske om meir variasjon og høve til å byggja i tilknyting
til heimplassen. Ei stor tomt i utkanten av bygda blir ikkje nødvendigvis
sett på som nedbygging av verdifullt areal, men derimot som god
disponering av det same arealet.
Sentrale styresmakter ser på vidda som eit "inngrepsfritt"
naturområde. Somme av dei kallar det "villmarksprega"
område. Motorisert ferdsel blir ei forstyrring i slike område.
Det lokale politiske nivået ser og forvaltar vidda som eit haustingsområde,
eller eit slags kulturlandskap. Ferdsel og bruk er naturleg her, slik
det er naturleg å bruka den teknologien som er tilgjengeleg.
"Nærhetsprinsippet" i praksis
Som før sagt, med dette som bakgrunn er det lett å trekkja
den slutninga at arealdelen ikkje har legitimitet lokalt. Slik er det
ikkje, planen har legitimitet, - men er ueigna til å styra delar
av arealdisponeringa. Det kan grunngjevast på følgjande
måte:
Motstridande signal
Lokalt kan også argumentasjonen frå sektorstyresmaktene
opplevast som doble signal: når dei til dømes på
den eine sida understrekar kor viktig det er å byggja på
lokale føresetnader eller "lokalhistorisk særpreg",
når arealforvaltinga skal "forsterka identitet og tilhøyrighet"-
og på den andre sida understrekar dei same styresmaktene kor viktig
konsentrasjon og sentralisering av busetnadsmønsteret er. Kva
då når vesentlege delar av dette særpreget akkurat
er spreidd busetnad, slektsgrupper og store tomter?
Eller kva skjer i diskusjonen om bruk og vern av vidda, om motorferdsel
og hyttebygging? Det store viddelandskapet i Kautokeino blir omtalt
på ulike måtar, som villmark og som beiteland eller kulturlandskap.
Sentrale styresmakter kategoriserer til dømes store delar av
Kautokeino kommune som villmark eller villmarksprega område. Lokalt
er dei same områda viktig beiteland, haustingsområde og
område som har vore - og vert brukte av bygdefolket til fiske,
bærplukking, fangst, vedhogst og andre sysler som vert opplevde
som viktige både økonomisk og ikkje minst kulturelt. Slik
viser språket og bruk av omgrep ulike grunnhaldningar sentralt
og lokalt - haldningar som kan vera avgjerande i diskusjonen om forvalting
av desse areala.
Ulike lokale syn
Men skilnaden i syn og grunnhaldning går ikkje alltid mellom sentrale
og lokale deltakarar i planprosessen. Mykje kan vera likt her - på
same måten som det lokalt kan vera ulike syn som rår og
doble signal som blir formidla. Lokalt eksisterer det også ulike
tradisjonar, ulike interesser, ulike livsformer og dermed ulikt syn
på framtidig arealforvalting. Spørsmålet om kva vekt
tradisjon og modernitet skal ha, er viktig i denne diskusjonen. Det
er sjølvsagt ikkje slik at det lokale utgjer ei stemme. Men i
planlegginga er me naturleg nok forplikta til å ta omsyn til det
politiske fleirtalet lokalt, og det er gjerne også dette fleirtalet
som oftast kjem til orde i den offentlege diskusjonen.
Referanser