Lystig naturbruk - med og utan motor?
Om trivsel i naturen, haldningar til miljøvern og konfliktar ved motorisering.

Odd Inge Vistad
Margrete Skår
Norsk institutt for naturforsking (NINA)
Lillehammer.

oddinge.vistad@nina.no
margrete.skar@nina.no

Samandrag

Undersøkinga omfattar eit tilfeldig utval av vaksne i tre norske regionar (N=1202) – kvar med både byar og landdistrikt. I dette materialet har vi identifisert tre grupper ”lystbrukarar” av natur – dei Motorglade, dei Friluftsglade, og Generalistane (dvs. restgruppa). Her legg vi mest vekt på skilnad og likskap mellom dei to fyrste gruppene, i høve til verdisyn vedrørande natur, haldningar til miljøvern og i synet på motorisert og ikkje-motorisert bruk av utmark (med vekt på ski og snøskuter). Verdikartlegginga viser at både dei Motorglade og (særleg) dei Friluftsglade verdset ’Trivsel i natur’ høgt. Det gjer i mindre grad Generalistane. Men dei Motorglade er langt mindre opptekne av ’Vern av natur’ enn dei Friluftsglade. Denne verdiskilnaden finn vi att i korleis dei to gruppene vurderer alvoret i ulike typar miljøpåverknader. Dei Friluftsglade gjev sterkare uttrykk for at det er viktig å redusere den negative effekten av alle nemnde påverknader, samanlikna med dei Motorglade. Men alle tre gruppene rangerer nesten likt kor alvorleg dei vurdere ulike påverknader: dei globale forureiningstema er dei mest alvorlege, vegetasjonsslitasje minst alvorleg. Men synet på slitasje viser likevel størst skilnad mellom dei to gruppene.

Det er også stor skilnad mellom dei Friluftsglade og dei Motorglade i synet på snøskuterbruk og skigåing, og på forholdet mellom dei to aktivitetane. Det er særleg dei Friluftsglade som ser konflikten mellom skigåing og skuterbruk, og at det er skigåaren som er ”skadelidande” i møtet mellom ski og skuter. Motorstøy er eit sentralt irritasjonsmoment. Dei Motorglade meiner i stor grad at skifolk og skuterfolk kan eksistere side om side om alle tek litt omsyn; det meiner ikkje dei Friluftsglade. Resultata stadfester tidlegare undersøkingar ved å påvise asymmetrien i forholdet mellom ski og skuter, fordi skuterbruk irriterer skigåaren, medan skigåing irriterer skuterbrukaren lite.

Innleiing

Statistikken viser at nordmenn flest brukar naturen i fritida. Vi gjer noko vi har lyst til, noko som gjev ei oppleving å gå vidare på i kvardagen. Fenomenet ’friluftsliv’ kan ein forstå og identifisere på ulikt vis, t.d. som ei samling av visse uteaktivitetar, eller som ei søking etter visse opplevingar, eller ved å tolke den offisielle definisjonen av ’friluftsliv’ (t.d. i St. meld. Nr. 39 (2000-2001)). Det er sterk politisk vilje til å stimulere friluftslivet, og det strategiske målet i stortingsmeldinga uttrykkjer mange av dei positive verdiane ein vil lyfte fram: ”Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.” (s. 10). Sjølv om ein no har innført omgrepet ”romsleg friluftsliv” så blir ein del lystbruk av naturen ikkje ”forstått som” friluftsliv. Det gjeld t.d. motoriserte aktivitetar, ein kategori naturbruk som er sterkt politisk kontroversiell. Siste friluftsmeldinga seier at ein vil ”halde fast ved prinsippet om at motorferdsel i utmark i utgangspunktet ikkje er tillate” (St. meld. nr. 39 (2000-2001), s. 103). Kva seier så skuterfolket sjølve? ”La oss få et annet syn på friluftsliv. Vi skal la det synes at vi trives med å dra på tur med scooter, med barn, slede og fiskeutstyr” melder bladet Scooter Norge (1-2005) på leiarplass.

Kor djup er eigentleg konflikten mellom dei motoriserte og dei ikkje-motoriserte? Det strammar seg til i utmarka, har vi høyrt frå friluftsfolket. Nei då, vi kan leve godt side om side vi, seier skuterfolket. Er haldningane så eintydig ulike, eller kan ein god sameksistens vere sannsynleg? Korleis ser dei på seg sjølve og på kvarandre – dei som vel motorkraft og dei som vel muskelkraft? Er problemet meir av miljøfagleg art – altså at ’friluftsliv’ er rekna som miljøvenleg og ’motorferdsel’ ikkje? Eller er dette mest ein politisk-forvaltningsstyrt motsetnad, fordi både naturvern og friluftsliv sorterer under det same departementet?

’Naturoppleving’ står sentralt i definisjonen av friluftsliv, men har det tradisjonelle friluftsfolket monopol på å elske naturen? Eller er det slik at også skuterfolket søkjer inderleg naturoppleving? Pedersen (1999) har t.d. vist at naturopplevinga er ein viktig kvalitet i heilskapen og trivselen blant hennar informantar i skutermiljøet i Finnmark. Men er det slik at den som er glad i naturen også er ein naturvernar? Korleis er det jamt over med synet på natur- og miljøvern blant dei motoriserte og dei ikkje-motoriserte i utmarka?

Slike spørsmål var med og fekk i gang eit forskingsprosjekt om forholdet mellom motorisert og ikkje-motorisert bruk av utmarka, innafor programmet ”Landskap i endring” i Noregs Forskingsråd. Ei spørjeundersøking i tre norske regionar (kvar med både by og land) er grunnlaget for funna i denne artikkelen. (Sjå også den andre artikkelen til Vistad & Skår (2005) i dette nummeret av Utmark).

Det finst etter kvart ein god del litteratur og forsking på sosio-kulturelle og psykologiske konfliktar knytt til bruk av utmark. Knopp og Tyger (1973) var tidleg ute med ein studie i Minnesota om det dei kallar eit intenst kjensleladd spenningsforhold mellom skuterbrukarar og skigåarar, og om variasjonen i haldningar til miljøvern. Skår & Vistad (2001) har ein brei gjennomgang av forsking omkring slike konfliktar, og Vittersø et al. (2004) har ein grundig presentasjon med spesiell vekt på dei psykologiske sidene (båe desse arbeida er gjort innafor det same forskingsprosjektet som denne artikkelen er ein del av). Jacob & Schreyer (1980) lanserte ein firedelt teoretisk modell om kva som særleg påverkar graden av konflikt mellom ulike typar ’outdoor recreation’. Denne modellen har hatt sterkt gjennomslag i ettertid. Det fyrste punktet kallar dei aktivitetsstil; det refererer til den personlege meining og tyding kvar enkelt legg i eigen aktivitet. Det andre punktet gjeld korleis den enkelte ser på området eller ressursen (grad av tilknyting til etc.) der aktiviteten utspelar seg. Det tredje omhandlar dei ulike forventningane ein kan ha til naturopplevinga, og til slutt eit punkt om livsstilstoleranse – tendensen til å akseptere eller avvise ein livsstil som er ulik den ein sjølv har. I denne undersøkinga har særleg punkt 1, 3 og 4 relevans.

I fleire studiar av rekreasjonskonfliktar er det påvist ein asymmetri. Eit av dei tidlegaste arbeida var Lucas (1964) sin studie av forholdet mellom padlarar og motorbåtbrukarar nord i Minnesota. Han påviste at padlarane opplevde møtet med motorbåtane som eit langt større problem, enn omvendt. Over 15 år seinare repeterte Adelman et al. (1982) undersøkinga i same området og kunne konstatere at konflikten mellom dei to gruppene var like sterk og like skeiv som før – ein ”assymetric antipathy” som dei kallar det. Jackson & Wong (1982) har påvist liknande asymmetri mellom skigåarar og snøskuterkøyrarar i Alberta: Skigåarane opplever møtet med skuterane negativt, medan skuterbrukarane er positive eller nøytrale til dei som går på ski. Dei seier det er lite felles forståing mellom dei to gruppene. Støy er t.d. eit av dei sentrale problema i konflikten. I denne artikkelen går vi ikkje inn på støy, men vi har presentert resultat om støy og lydoppleving i Skår (2004).

Thompson & Barton (1994) har utvikla skalaer (sett av påstandar som folk tek stilling til) for å avdekkje verdiar og haldningar til miljø. Dei kom fram til tre skalaer med i alt 33 ledd eller variablar. I denne pakka av variablar var det 12 ledd som vil avdekkje ein økosentrisk verdi, 12 ledd ein antroposentrisk verdi, og dei siste 9 avdekkje ein apati i høve til miljøet. Samla blir desse gjerne kalla øko-antro skalaen. Økosentrisme vil her seie det å verdsetje naturen for si eiga skuld, medan antroposentrisme tyder å verdsetje naturen fordi han er nyttig for menneska – materielt og fysisk. I apatien ligg det ei generelt likegyldig haldning til miljøet. Seinare har Bjerke & Kaltenborn (1999) nytta ein kortare versjon av øko-antro skalaen for å studere forholdet mellom miljøhaldningar og synet på rovdyr blant ulike interessegrupper. Dunlap & Heffernan (1975) gjekk konkret inn i rekreasjonsfeltet og påviste noko ulike haldningar til miljøvern blant ulike rekreasjonsgrupper (men motoriserte aktivitetar vart ikkje undersøkt). Theodori et al. (1998) summerer opp seinare forsking over dette temaet, og har funne ulike konklusjonar i ulike undersøkingar.

Formålet med denne artikkelen er fyrst å identifisere grupper som føretrekkjer å bruke naturen motorisert og dei som føretrekkjer å bruke han umotorisert. På det grunnlaget vil vi undersøkje kva haldningar til natur og miljø dei ulike gruppene har, korleis dei ser på eit spekter av dagens miljøspørsmål, samt å undersøkje kva haldningar dei to gruppene har til kvarandre og til ulike måtar å bruke naturen på.

Metode og analyse

Studieområde og utval

I det meste av landet er det ulovleg med motoriserte aktivitetar i utmark, med unntak for nyttekøyring. Det vesentlege unntaket er høvet til å bruke snøskuter langs faste og opne trasear i Nord-Troms og Finnmark. Det var difor ei utfordring å få tak i respondentar som også driv motorisert ”lystbruk” av utmarka. Det var opplagt at vi måtte inkludere Nord-Troms/Finnmark i utvalet, men vi visste også at det føregår både lovleg og ulovleg motorisert aktivitet i andre delar av landet. Vi tok difor sjansen på at vi skulle få tilstrekkeleg stort materiale (også med motoriserte respondentar) ved å bruke tilfeldig utval i dei tre regionane og tre byane vi har plukka ut til undersøkinga. Desse tre er Nord-Troms/Vest-Finnmark, Ottadalen i Oppland og Indre-Agder/Vest-Telemark, samt dei tre byane Tromsø, Lillehammer og Kristiansand. Og vi fekk ei tilfredstillande stor gruppe med ”motoriserte” og berre knapt 40 % av denne motorgruppa høyrer heime i Nord-Troms/Vest-Finnmark. Men dei motoriserte er den klart minste av dei tre ”rekreasjonsgruppene” vi har skilt ut. I Vistad og Skår (2005) vert utval og undersøkingsmetodar presenterte i detalj.

Inndeling i rekreasjonsgrupper

Spørjeskjemaet viser at folk driv med mange ulike friluftsaktivitetar, men vår segmentering (inndeling i undergrupper) måtte få fram grupper som var gjensidig ekskluderande mellom dei som driv motorisert og dei som ikkje gjer det. For å kunna bruke gruppeinndelinga i den vidare dataanalysen kunne kvar respondent berre høyre til i éi gruppe. Til segmenteringa har vi valt ein kombinasjon av variablar (frå spørjeskjemaet) som omfattar åtferd (deltaking i type aktivitetar) og personleg verdsetjing av motoriserte, eller ikkje-motoriserte aktivitetar. Resultatet vart ei tredeling: Motorglade (N=171), Generalistar (N=618) og Friluftsglade (N=413). Det er dei Motorglade og dei Friluftsglade som er definerte, medan Generalistane er ei stor restgruppe.

Inndeling i dimensjonar utifrå haldningar til natur og miljø

I denne undersøkinga har vi nytta ein forkorta versjon av øko-antro skalaen til Thompson & Barton (1994). Vi tok med i alt 12 ledd, og av desse skulle 6 ledd (ifølgje Thompson & Barton) fange opp den økosentriske dimensjonen, 4 ledd den antroposentriske dimensjonen og 2 ledd den apatiske dimensjonen.

Som eit steg i analysen heldt vi fast på tredelinga til Thompson & Barton, og laga tre nye variablar utifrå alle 12 ledda: Øko, Antro og Apati (tabell 1).

Tabell 1 . Dei 12 ledda frå Thompson & Barton (1994) og dei tre nye samledimensjonane Økosentrisme, Antroposentrisme og Miljøapati på grunnlag av utvalde ledd blant desse 12. Skåreverdiar for dei tre rekreasjonsgruppene, og test av skilnader gruppene imellom. Skåreverdiar frå 1 (= heilt ueinig) via 4 (= nøytral) til 7 (= heilt einig).

Påstand / ledd

Skala

Rekreasjonsgrupper, gjennomsnittsskåre

F-verdi

p 1

Motor-glad

Gene-ralist

Frilufts-glad

1 På meg verkar det som dei fleste naturvernarar er pessimistar og litt paranoide

Apati

4,9

4,0

3,4

35,9

***

2 Av og til gjer det meg trist å sjå skog bli hoggen ned for å gje plass til ulike former for næringsverksemd

Øko

4,2

4,5

5,1

19,9

***

3 Det verste med at regnskogane forsvinn er at det set grenser for å utvikle nye medisinar

Antro

4,3

4,3

4,3

0,1

is

4 Eg føretrekkjer naturreservat framfor dyreparkar

Øko

5,1

5,5

5,9

21,4

***

5 Eg treng tid ute i naturen for å vere lykkeleg

Øko

5,7

5,1

6,2

72,5

***

6 Det som opptek meg mest når det gjeld avskoging er at det ikkje vil bli nok tømmer for framtidige generasjonar

Antro

3,5

3,7

3,6

1,7

Is

7 Av og til når eg er ulykkeleg, finn eg trøst i naturen

Øko

5,1

4,8

5,7

36,2

***

8 Ein av dei vitigaste grunnane til å drive miljøvern er at det sikrar høg levestandard

Antro

3,6

3,7

3,5

1,0

is

9 For meg verkar det avstressande å vere ute i naturen

Øko

6,3

5,9

6,5

42,0

***

10 Vidare utbygging av landområde er ein god tanke så lenge det ikkje går ut over livskvaliteten til folk

Antro

4,7

4,3

4,1

6,6

**

11 Eg syns det er vanskeleg å engasjere seg noko særleg i miljøspørsmål

Apati

3,9

4,0

3,6

5,4

**

12 Ein av dei viktigaste grunnane til å drive miljøvern er at det sikrar urørte naturområde

Øko

4,4

4,8

5,2

14,8

***

Økosentrisme – samla for 6 ledd

 

5,1

5,1

5,8

64,9

***

Antroposentrisme – samla for 4 ledd

 

4,0

4,0

3,9

1,4

is

Miljøapati – samla for 2 ledd

 

4,4

4,0

3,5

22,5

***

1 Signifikansnivå: *** p< 0.001, ** p<0,01, * p<0,05, is = ikkje signifikant skilnad

Dei tre nedste linene i tabell 1 viser samledimensjonane. Vi ser at graden av Økosentrisme og av Miljøapati er ulikt fordelt mellom rekreasjonsgruppene, men ikkje graden av Antroposentrisme. Dei Friluftsglade er mest Økosentriske, og dei Motorglade er mest Miljøapatiske. Men om vi samanliknar gjennomsnittskåren for dei tre rekreasjonsgruppene på samledimensjonen ’Økosentrisme’ med kvart av dei 6 Øko-ledda ovanfor, så er det fleire ledd som viser eit anna svarmønster enn samledimensjonen . Ved hjelp av faktoranalyse (PCA) undersøkjer vi om det finst andre mønster enn den skisserte tredelinga. Poenget er: Kor godt passar Thompson & Barton sin skala på vårt svarmateriale frå respondentar i tre norske bygdedistrikt og tre byar? Og faktoranalysen gjev ei ny tredeling. Her kallar vi dei tre dimensjonane ’Trivsel i natur’, ’Vern av natur’ og ’Nyttig natur’.

Tabell 2 . Rotert komponent matrise for 10 av øko-antro-apati ledda. (Tabellen er henta frå SPSS-analysen, med tilpassa overskrifter)

Ledd (kortversjon)

Komponent / dimensjon

1

(trivsel i natur)

2

(vern av natur)

3

(nyttig natur)

5 Ute i naturen for å være lykkelig

,833

,196

 

7 Trøst i naturen

,824

,141

,101

9 Avstressende å være ute i naturen

,771

,103

 

4 Naturreservater fremfor dyreparker

,153

,691

 

1 Naturverner er pessimister og litt paranoide

 

-,680

,241

2 Trist å se skog bli hogd ned

,166

,670

,137

12 Miljøvern sikrer uberørte naturområder

,127

,623

,310

3 Regnskogene forsvinner

 

 

,736

6 Nok tømmer til fremtidige generasjoner

 

 

,735

8 Miljøvern sikrer høy levestandard

 

 

,700

Extraction Method: Principal Component Analysis. Rotation Method: Varimax with Kaiser Normalization. Her er alle skåreverdiar < 0,10 utelatne frå lista. Leddnummer – sjå lista i Tabell 1.

Gjennom sjølve faktoranalysen lagrar vi desse tre dimensjonane som nye variablar, og kvart enkelt case (= respondent) får sin (standardiserte) skåreverdi for kvar dimensjon.

Resultat

Verdidimensjonar knytt til natur og miljø

Når vi samanliknar korleis dei tre rekreasjonsgruppene skårar på dei tre nye dimensjonane får vi fram interessante funn som nyanserer funna i tabell 1. Vi ser igjen at der er ingen skilnad mellom gruppene for dimensjonen ’Nyttig natur’ (tilnærma lik den tidlegare antroposentriske dimensjonen). Men for dei to andre er det markante skilnader – sjå figur 1. Det er tydelege skilnader for dimensjonen ’Trivsel i natur’. Alle tre gruppene er ulike seg i mellom, men det er den store Generalist-gruppa som skil seg mest ut ved å leggje mindre vekt på ’Trivsel i natur’. Også dei Motorglade skårar signifikant lågare enn dei Friluftsglade , men båe ”yttergruppene” er altså sterkt opptekne av den personlege ’Trivsel i natur’. Interessa for ’Vern av natur’ er spesielt sterkt tilstades blant dei Friluftsglade, og minst blant dei Motorglade; den store generalistgruppa ligg omlag på gjennomsnittet for heile materialet.
Figur 1. Tre verdidimensjonar i høve til natur og miljø hjå dei tre rekreasjonsgruppene. Figuren viser standardiserte gjennomsnitt for kvar gruppe (der det samla gjennomsnittet for kvar av dei tre dimensjonane er lik null).

 

Frå globale til lokale miljøpåverknader

Vi ser altså at dei tre rekreasjonsgruppene skårar ulikt på verdien ’naturvern’ (figur 1). Gjennom å presentere ei liste med ulike aktuelle miljøpåverknader i spørjeskjemaet, ville vi også finne ut om gruppene er ulike i korleis dei vurderer ”alvoret” for ulike påverknader. Vi har valt eit spekter av påverknader – både av lokal, regional og global karakter. I tabell 3 har vi rangert korleis heile utvalet vurdere ulike miljøpåverknader og i kva grad dei tre gruppene vurderer ulikt.

 

Tabell 3 Kva dei tre rekreasjonsgruppene meiner om behovet for å redusere dei negative effektane av ulike miljøpåverknader, sortert etter fallande prioritering (jfr. Middelverdi, alle). Svarskala frå 1 ( = ikkje viktig) til 5 ( = svært viktig).

Miljøpåverknad (nr som i spørjeskjema)

Middel-verdi,

Alle

Middelverdi, gruppevis

F-verdi

p

Motor-glad

Gene-ralist

Frilufts- glad

7 Spreiing av radioaktive stoff

4,8

4,8

4,8

4,9

4,7

*

5 Utslepp av miljøgifter til naturen

4,7

4,5

4,6

4,8

15,5

***

1 Forsøpling av naturen

4,6

4,6

4,5

4,7

7,5

**

4 Sur nedbør med forsuring av vassdrag og jordsmonn

4,4

4,4

4,3

4,5

8,9

***

2 Drivhuseffekten med globale klimaendringar

4,2

4,0

4,2

4,4

14,4

***

3 Inngrep i viktige leveområde for sårbare dyre- og plantesamfunn

4,1

4,0

3,9

4,3

14,8

***

6 Neddemming av areal og redusert vassføring i elvar på grunn av vasskraftutbygging

3,6

3,5

3,5

3,7

3,5

*

8 Slitasje på vegetasjon på grunn av ferdsel

3,5

3,1

3,5

3,8

22,4

***

Det er tre overordna mønster i dette materialet (tabell 3):

  1. Miljøpåverknader i form av menneskjetilført stoff (nemleg radioaktivitet, miljøgifter, søppel, sur nedbør og klimagassar/drivhuseffekten) til naturen blir sett på som mest alvorleg, dvs. viktigast å få gjort noko med.
  2. Innanfor alle dei tre rekreasjonsgruppene er det same rangering i kva for miljøeffektar ein meiner det er viktigast å gjere noko med.
  3. Det er (signifikant) skilnad mellom dei tre rekreasjonsgruppene i korleis dei vurdere behovet for å redusere negative effektar av alle dei nemnde miljøpåverknader, og det er systematisk dei Friluftsglade som meiner dette behovet er størst (høgast middelverdi). Men det varierer om det er dei Motorglade eller Generalist-gruppa som meiner behovet er ”minst”.

Som eit spesielt poeng vil vi nemne dei to mest lokale formene for miljøpåverknad, nemleg forsøpling og slitasje. Forsøpling er rekna som eit langt viktigare problem å takle, enn slitasje. Men det er verdt å merke seg at slitasje er den miljøpåverknaden der dei Motorglade og dei Friluftsglade står lengst ifrå kvarandre (høgast F-verdi) – sjå nedste line i tabell 3. For dei Friluftsglade er slitasje sett på som eit problem det er (nær) ”mykje viktig” (snitt 3,8) å redusere, medan dei Motorglade er (nær) ”nokså viktig” (snitt 3,1).

Eit par utsegner i spørjeskjemaet utdjupar slitasjetemaet ved å be om synet på effektar av barmarkskøyring med motorkøyretøy. Figur 2 viser korleis dei Friluftsglade og dei Motorglade vurderer dette. Dei to gruppene er samkøyrde i at det er uheldige effektar av barmarkskøyring, men også her er det klar skilnad mellom gruppene. Båe meiner barmarkskøyring kan gje store skadar på naturen og dei ser ein fare for å øydeleggje verdifulle kulturminne. Men for båe tema er dei Friluftsglade mest negative til barmarkskøyring.


Figur 2 . To utsegner om effektar av barmarkskøyring med motorkøyretøy, vurdert av dei Friluftsglade og dei Motorglade .

 

Konfliktar mellom motoriserte og ikkje-motoriserte uteaktivitetar?

I figurane 3 og 4 har vi presentert nokre påstandar som kan gje uttrykk for eventuelle konfliktar mellom skigåing og skuterbruk. Hovudpoenget med figurane er å vise eventuelle skilnader mellom dei Motorglade og dei Friluftsglade. Og som vi ser på middelverdiane for dei to gruppene så er det svært stor variasjon. Vi har dessutan gjort ein T-test (samanlikning av middelverdien for dei to gruppene), og det er berre for påstand 3 i figur 3 at det ikkje er signifikant skilnad mellom gruppene.

I tillegg til skilnaden mellom gruppene så har vi markert med ein ’K’ der svara viser ein konflikt mellom skuterbruk og skigåing. Her tyder ”konflikt” i kor stor grad ein uttrykkjer klare haldningar, dvs. om respondentane har nytta ekstre mverdiar på svarskalaen i ”konflikt-retning” (det kan vere enten høg og låg verdi, alt etter korleis den tematiske påstanden er formulert, og om det er dei Motorglade eller dei Friluftsglade som svarar). Vi har markert med ’K’ når svaret har vore ”meir konfliktfylt” enn 3 (= nøytral). Difor har vi lagt den vertikale aksen gjennom verdien ’3’. Lang stolpe (dvs. høg eller låg svarverdi) markerer altså enten høg konflikt (med ’K’), eller låg konflikt (utan ’K’). Vi ser at det er langtfleire tema som verkar konfliktfylte for dei Friluftsglade (8 tema) enn for dei Motorglade (3 tema) i dei to figurane, og dei Friluftsglade markerer dessutan sterkare konfliktgrad (med unntak for tema 5 i figur 4).

Korleis kan turopplevinga bli påverka av å møte skuter eller skigåar?

Figur 3 viser at det særleg er dei friluftsglade som markerer konflikt i høve til skuterfolket (for 4 av 5 tema). Størst avstand mellom dei to gruppene er det for tema 2 (støy) og 4 (det å møte ein skuter). Her hamnar gruppene i kvar sin ende av skalaen, slik at dei friluftsglade markerer konflikt, men ikkje dei motorglade. På tema 1 (ulovleg skuterkøyring) markerer båe grupper konflikt, men langt sterkare markert av dei friluftsglade.

 


Figur 3 . Fem utsegner om korleis det å møte snøskuter eller skiløpar kan påverke turopplevinga, vurdert av dei Friluftsglade og dei Motorglade.

Konfliktretningen blir markert ved bokstaven ’K’ og konfliktgraden av lengda på denne søyla med ’K’ (dvs. avstanden frå det nøytrale midtpunktet).

Sameksistens og forståing mellom skuterfolk og skifolk?

Gjennom figur 4 får vi igjen det klare mønsteret at dei Friluftsglade ser mange konfliktar, medan dei Motorglade ikkje ser slike konfliktar i særleg grad. Dei Motorglade meiner derimot at ski og skuter kan fungere bra ilag om alle tek litt omsyn (tema 1) og at det ikkje er spesielt viktig å lage fråskilde område for skigåing og skuterbruk (tema 3). Vidare meiner dei at skiløparar har lita forståing for skuterfolket sine behov (tema 5), medan skuterfolket har ganske god forståing for skiløparane sine behov (tema 4). Dei Friluftsglade har meir sansen for separate område for ski og skuter, men meiner at korkje ski- eller skuterfolket har særleg forståing for kvarandre sine behov. Størst skilnad mellom dei to gruppene er det på tema 2: Dei motorglade ønskjer fridom i korleis folk må få ferdast (ski eller skuter), medan dei friluftsglade er ueinige i dette.

 


Figur 4 . Fem utsegner om sameksistens og forståing mellom skiløparar og snøskuterkøyrarar, vurdert av dei Friluftsglade og dei Motorglade.

Konfliktretningen blir markert ved bokstaven ’K’ og konfliktgraden av lengda på denne søyla med ’K’ (dvs. avstanden frå det nøytrale midtpunktet).

Samla drøfting

Denne undersøkinga omfattar ikkje eit tilfeldig utval i Noreg. Vi har plukka ut tre landdistrikt og tre byar som ligg inntil desse distrikta. Desse landdistrikta er heller ikkje tilfeldige; dei skulle gje tilstrekkeleg datagrunnlag for både å få med dei som driv med motoriserte og med ikkje-motoriserte aktivitetar i utmarka (jfr. bakgrunnen for utvalet i Vistad & Skår 2005). Dette er grunnlaget vårt for å kunna identifisere både ei gruppe som vi har kalla dei Motorglade og gruppa dei Friluftsglade. Ved å velje andre distrikt og byar kunne vi fått andre resultat, men vi har ingen spesiell grunn til å tru at Friluftsglade og Motorglade tenkjer annleis i andre regionar av landet.

Det er interessant å konstatere at ’trivsel i natur’ er ein viktig verdi både for dei Motorglade og dei Friluftsglade. Slik underbyggjer vi eit av poenga til Pedersen (1999, s. 283): ”Også scooterfolk opplever nærhet til naturen”. Men det er like klart at verdidimensjonen ’trivsel i natur’ ikkje nødvendigvis samvarierer med verdien ’vern av natur’. Eit liknande ”resultat-sprik” er påvist gjennom prosjektet Norsk Monitor (MMI 1992): Verdien ’Natur’ (”betegnelsen dekker vektlegging av naturopplevelser”, s. 69) plasserer seg som rotnorsk og tradisjonell, medan verdien ’Miljøvern’ plasserer seg i verdikartet som idealistisk og moderne. Og slik kan dei to verdiane ha hovudforankring i ulike samfunnsgrupper (kanskje ein slag variant av skilnaden mellom Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti?).

Men dette er sjølvsagt også eit spørsmål om kva meining dei to gruppene legg i ’trivsel i natur’. Det kan tyde svært ulike ting for ulike personar / grupper – altså ulike forventingar til naturopplevinga, eit tema som Jacob & Schreyer (1980) i sin diskusjon av rekreasjonskonfliktar, kallar konfliktfaktor 3. Dei ser for seg ein skala frå fokusert til ufokusert naturoppleving, der den fokuserte er knytt til det nære, til detaljar og til ro, medan den ufokuserte er knytt til det store landskapsrommet, til rørsle og fridom. Di meir fokusert di større sjanse for konflikt med andre aktivitetar, seier Jacob & Schreyer (op cit.). Og dei illustrerer med at motorstøy difor kan vere svært negativt for den fokuserte naturopplevinga, men meir uproblematisk for den som søkjer ei storskala naturoppleving. Tema 2 (”…støyen frå snøskuter…”) i figur 3, kan illustrere dette: Dei Friluftsglade (”… når eg er ute…”) får opplevinga sterkt forringa, men ikkje dei Motorglade. At støyen frå skuter er eit kjerneproblem i konflikten – det har vi også vist andre stader i dette forskingsprosjektet (Skår 2004, Vittersø et al. 2004).

Interessa for naturvern er det fyrst og fremst dei Friluftsglade som gjev uttrykk for. Og dette blir stadfest av andre spørsmål i undersøkinga der vi spør korleis ein ser på alvoret ved ulike miljøpåverknader i verda (frå det globale til det lokale). Når det gjeld vurderinga av miljøproblem så er det ein systematikk, både i likskap og i skilnad mellom dei Motorglade og dei Friluftsglade. Dei to gruppene er heilt parallelle i korleis dei rangerer dei ulike miljøtema – dei globale forureiningstema er viktigast. Men med unntak for forsøpling av naturen – dette temaet blir t.d. rangert framfor tema som sur nedbør og drivhuseffekten – av båe gruppene. Men skilnaden mellom gruppene går på at dei Friluftsglade – for alle tema – meiner behovet for å redusere dei negative effektane av miljøpåverknadane er (signifikant) større enn det dei Motorglade gjer. Og særleg stor er avstanden mellom dei to gruppene i måten dei vurderer slitasje på naturen. Dette temaet er lengst nede på ”alvorsskalaen” for båe gruppene, men blir sett på som langt meir alvorleg av dei Friluftsglade enn av dei Motorglade. Både her og andre stader i skjemaet må ein vurdere faren for taktisk svargjeving: Dei Motorglade kan mistenkjast for å underrapportere og dei Friluftsglade overrapportere, både slitasje-, støy-, og irritasjonsmoment. Det illustrerer i tilfelle ei polarisering og ”lading” som ligg i tematikken med ”motorisering av utmarka”.

Ein må ha i mente at å avdekkje skilnad mellom gruppene i haldningar til miljøvern, ikkje er det same som å avdekkje ulik handling, eller praktisk innsats for miljøvern. Men haldningane vil vere ein indikasjon på viljen til handling. Som Cialdini et al. (1981) har summert opp: Ein diskuterer ikkje lenger om haldning påverkar åtferd, men når – fordi det er så mange andre faktorar som også spelar inn. Vi avdekkjer altså ein samvariasjon mellom verdiar, haldningar og eigne aktivitetar (Motorglade / Friluftsglade). Men kva kom fyrst – verdiane knytt til natur (trivsel – vern – nytte), eller det å vere motorisert eller ikkje-motorisert i eigen utmarksbruk? Det kan vi ikkje svare på, men generelt sett er verdiar/haldningar eit meir grunnleggande og endringsstabilt nivå enn handling (sjå t.d. Vincent & Fazio 1992). Theodori et al. (1998) har gått gjennom forsking om eventuelle samanhengar mellom ”outdoor recreation and environmental concern” etter den såkalla Dunlap-Heffernan tesen. Dei påviser stor variasjon i funna – frå sterk til ingen samanheng – noko som understrekar kompleksiteten. Vi kan sjølvsagt reise spørsmålet, men vi kan på ingen måte svare på det følgjande: Dersom stadig fleire vil velje motoriserte aktivitetar i utmarka (om dei får høve til det), kva vil det gjere med verdien ’naturvern’ hos dei som brukar naturen i fritida?

Når det gjeld forholdet mellom dei motoriserte (her: snøskuter-) og ikkje-motoriserte (her: ski-) aktivitetane – slik dei Motorglade og dei Friluftsglade uttalar seg – så får vi igjen stadfest tidlegare funn (Lucas 1964, Adelman et al. 1982, Jackson & Wong 1982 ): Det er ein asymmetri mellom dei to gruppene. Det er fyrst og fremst dei ikkje-motoriserte som opplever problem i samkvemmet med motoraktivitetar; og i mindre grad omvendt. Dette er ei av dei store utfordringane om ein ønskjer å liberalisere reglane for skuterbruk frå Troms og sørover. Korleis få til eit forvaltningsregime som kjem skuterfolket sine ønskje om rekreasjonskøyring i møte, men som ikkje byggjer nye konfliktar i høve til skifolket og andre grupperingar?

Men det er viktig å minne at dette ikkje berre er ein teknisk-praktisk konflikt mellom ulike aktivitetar som ein lett kan ”fysisk tilrettelegge seg bort frå.” Det er i like stor grad ein sosial-psykologisk konflikt – eit møte mellom ulike tankesett og verdiar. Tema 3 og særleg 4 (”Eg mister mykje av gleda ved ein skitur når det er snøskuter i same området”) i figur 3 illustrerer dette og viser mykje av skilnaden mellom dei to gruppene. Når den Motorglade uttalar seg som skigåar blir han på ingen måte irritert over å møte ein snøskuter, men det blir den Friluftsglade skigåar. Dette kallar Jacob & Schreyer (1980) skilnad i ’aktivitetsstil’ (konfliktfaktor 1) – altså at det er den personlege meining ein legg i aktiviteten sin som kan skape konflikt i høve til andre aktivitetar. Det er ikkje aktiviteten i seg sjølv. Sannsynlegvis ser vi her også eit døme på det som Jacob & Schreyer (1980) kallar ’livsstiltoleranse’ – altså avvising eller akseptering av ulike livsstilar. Det ser ut til at skifolket aksepterer i mindre grad skuterbruk (skuterbrukarar?), enn omvendt.

Denne asymmetrien på ingen måte overraskande. Sjølv om dei Friluftsglade ser fleire konfliktar enn dei Motorglade så treng ikkje skigåaren vere meir konfliktskapande enn skuterkøyraren. Ein må hugse at dette er eit møte mellom ulike aktørar der den eine kan føle han har alt å tape (den Friluftsglade) og den andre at han har alt å vinne (den Motorglade). For om konflikten er grunnleggande asymmetrisk (til fordel motor) sett som eit møte mellom ulike tur- og naturopplevingar i utmarka, så er den like grunnleggande asymmetrisk (til fordel ikkje-motor) sett juridisk-forvaltningsmessig. For motorisert rekreasjon i utmarka er jo ulovleg i det meste av landet.

Referansar

Adelman, B. J. E., Heberlein, T. A. & Bonnicksen, T. M. (1982). Social Psychological Explanations for the Persistence of a Conflict Between Paddling Canoeists and Motorcraft Users in the Boundary Waters Canoe Area. Leisure Sciences 5, s. 45-61

Bjerke, T. & Kaltenborn, B. P. (1999). The Relationship of Ecocentric and Anthropocentric Motives to Attitudes toward Large Carnivores. Journal of Environmental Psychology 19, s. 415-421.

Cialdini, R. B., Petty, R. E. & Cacioppo, J. T. (1981). Attitude and Attitude Change. Annual Review of Psychology 32, s. 357-404

Dunlap, R. E. & Heffernan, R. B. (1975) Outdoor Recreation and Environmental Concern: An Empirical Examination. Rural Sociology 40, s. 18-30.

Jackson, E.L. & Wong, R.A.G. (1982). Perceived Conflict Between Urban Cross-Country Skiers and Snowmobilers in Alberta. Journal of Leisure Research 14, s. 47-62

Jacob, G.R. & Schreyer, R. (1980). Conflict in Outdoor Recreation: A Theoretical Perspective. Journal of Leisure Research 12, s. 368-380

Knopp, T.B. & Tyger, J.D. (1973). A Study of Conflict in Recreational Land Use: Snowmobiling vs. Ski-Touring. Journal of Leisure Research 5, s. 6-17.

Lucas, R.C. (1964). Wilderness Perception and Use: the Example of the Boundary Waters Canoe Area. Natural Resources Journal 3, s. 394-411.

MMI (Markeds- og Mediainstituttet) 1992. Innføringsbok i bruk av Norsk Monitor. MMI, Oslo

Pedersen, K. (1999). ”Det har bare vært naturlig”. Friluftsliv, kjønn og kulturelle brytninger. Dr. scient avhandling, Norges Idrettshøgskole, Oslo.

Skår, M. (2004). Trivsel i natur, opplevelse av lyd og miljøverninteresse. Resultater fra et forskningsprosjekt om forholdet mellom motoriserte og ikkje-motoriserte aktiviteter. I: Direktoratet for Naturforvaltning. Landskonferanse Friluftsliv, Tromsø, 2-4 juni 2004. DN Notat 2004-3.

Skår, M. & Vistad, O.I. (2001). Motorfersel i utmark. Oppsummering av faglig og forvaltningsmessig status. NINA-Fagrapport 046.

St. meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv. Ein veg til høgare livskvalitet. Miljøverndepartementet.

Theodori, G. L., Luloff , A.E. & Willits, F. K. (1998). The Association of Outdoor Recreation and Environmental Concern: Reexamining the Dunlap-Heffernan Thesis. Rural Sociology 63, s. 94-108.

Thompson, S. C. G. & Barton, M. A. (1994). Ecocentric and Anthropocentric Attitudes toward the Environment. Journal of Environmental Psychology 14, s. 149-157.

Vincent, M. A. & Fazio. R. H. (1992). Attitude accessibility and its Consequences for Judgment and Behavior. I: Manfredo, M. J. (red.) Influencing Human Behavior. Theory and Applications in Recreation, Tourism, and Natural Resources Management. Champaign, Illinois: Sagamore Publishing.

Vistad, O.I. & Skår, M. (2005). Regionale skilnader i synet på endring av regelverket om bruk av snøskuter i utmark. Utmark 1 (www.utmark.org)

Vittersø, J., Chipeniuk, R., Skår, M. & Vistad, O.I. (2004). Recreational Conflict is Affective: The Case of Cross-Country Skiers and Snowmobiles. Leisure Sciences 26, s. 227-243.

Sluttnotar:

1:
Friluftsliv er opphald og fysisk aktivitet i friluft i fritida med sikte på miljøendring og naturoppleving.

2:
I vår andre artikkel i dette nummeret (Vistad & Skår 2005) går vi nærare inn på regelverket og dei to skuterregima som gjeld i landet.

3:
Namnet ’Friluftsglade’ spelar på den offisielle tolkinga av Friluftsliv som eit ikkje-motorisert fenomen.

4:
Dei Motorglade er definerte slik: Deltaking i motoriserte aktivitetar, samt avkryssing på 4 eller 5 (einig eller heilt einig) på variabelen ”Det er verdifullt for meg å drive med motoriserte uteaktiviteter”. Dei Friluftsglade er definerte slik: Deltaking i ikkje-motoriserte aktivitetar, samt avkryssing av 4 eller 5 (einig eller heilt einig) på variabelen ”Det å drive med ikke-motoriserte uteaktiviteter er de viktigste typene aktiviteter i mitt liv”. Generalistane er resten.

5:
Økovariabelen blir laga ved å summere skåreverdiane for dei 6 ledda frå øko-skalaen i tabellen ovanfor, og så dele summen på 6 (dvs. dele på talet ledd som inngår i komponenten). Antrovariablen blir laga ved å summere skåreverdien på dei 4 ledda frå antro-skalaen (og dele på 4) og Apativariabelen ved å summere svara på dei to siste ledda og dele på 2. På denne måten vil svara på dei tre nye variablane nytte den same 7-delte svarskalaen som gjeld for kvart av dei 12 ledda (frå 1 = heilt ueinig, via 4 = nøytral, til 7 = heilt einig).

6:
I faktoranalysen så deler (grovt sagt) økodimensjonen seg i to; ein dimensjon på personleg naturoppleving, og ein på naturverninteresse. Den tredje faktoren er ein ganske klar antroposentrisk dimensjon. Apatidimensjonen blir borte. To variablar (nummer 10 og 11 i tabell 1) hjelper lite til å klargjere dette tredelte mønsteret. Dei får ei låg faktorlading på alle tre dimensjonane, og vi kuttar dei ut i den endelege faktoranalysen presentert i tabell 2. Her ser vi kva for ledd som sa mvarierer og kva lading og forteikn dei har. Vi legg også merke til at ledd nr 1 (som Thompson & Barton reknar som eit apatiledd) ladar ganske høgt, men negativt på naturverndimensjonen – noko som forsterkar naturvern-tolkinga av dimensjonen (=antiapati).