TEMANUMMER: UTMARK I ENDRING
Gjesteredaktører Eirik Magnus Fuglestad og Marianne Singsaas
Dette nummeret av Tidsskriftet Utmark er eit produkt av forskningsprosjektet Norsk Utmark i Endring: mellom tradisjonelt landbruk, moderne konsum og grøn industrialisering. Dette prosjektet har vore leia av Ruralis og vart finansiert av Norges forskningsråd. På eit overordna nivå handlar dette prosjektet om prosessar og konfliktar i den norske utmarka, med særleg vekt på utfordringar knytt til sosial berekraft i samband med det grøne skiftet. Som me veit har utmark ei lang historisk tilknytting til jordbruket som eit viktig supplement til innmarka på gardane. Sjøl om utmarka framleis er viktig for tradisjonelle næringar og aktivitetar som beitebruk, skogbruk, jakt, og fiske, ser me ei auka interesse frå aktørar innen industri som vind- og vasskraftproduksjon og gruvedrift. Medan det allereie på 1700-tallet vart utvikla industri i form av gruvedrift i fjella, la temmingen av fossane frå starten av 1900-tallet hovedgrunnlaget for industrialiseringa og moderniseringa av det norske samfunnet, og vart av stor betydning for mange norske lokalsamfunn. I dag står me altså andsynes ei tredje industrialiseringsbølgje av utmarka. Ei storskala industriell bruk av utmarka ved vindkraftproduksjon og gruvedrift kan få stor innverknad både på natur og samfunn og på forholdet mellom folk og natur.
Les hele innledningen her
Biosikkerhetsregimet inntar utmarka. En analyse av CWD-prosessen i Nordfjella
- Frode Flemsæter og Marianne Singsaas
Sosiale sumeffekter i utmarka
Elegi. Om sorg, tap og tid til å takle tomme fjell (populærvitenskapelig)
- Majken Paulsen, Aase Kristine Lundberg, Arild Gjertsen, Svein Morten Eilertsen og Camilla Risvoll
Om det å rope i skogen; ulike stemmer i Nordlands utmark
Retten til rettferdiggjering i utmarka
- Eirik Magnus Fuglestad og Bjørn Egil Flø
Eit sosial-ontologisk perspektiv på konfliktane i utmarka
Fosen-saka og norsk utmarksforvaltning i det grøne skiftet. Trong for nye verkemiddel?
Lokalt og globalt arealpress i utmarkskommuner
Vindkraftens pris – idéer, strategier och regelverk i den svenska vindkraftspolitiken (populærvitenskapelig)
Green transformation or green colonialism – contrasting perspectives on how to address the climate and nature crisis
Utmarksbeite eller hyttefelt – utfordringer for arealplanlegging (populærvitenskapelig)
Klima, fjellene og den nye demografien (populærvitenskapelig)